Svar til kommunestyregruppa Herøy Arbeiderparti:

- Eg er fortsatt like opprørt og skuffa.

Eg får og mange meldingar om at «Ap er ikkje til å stole på». Det gjer noko med meg!
Fritt Ord

Men først:

Eg vil gjere det klart at mitt engasjement ikkje er knytt til at Roar Aasen er dagleg leiar i Fosnavåg Pelagic. Han har heller ikkje eigarinteresser der. Berre for å kvittere det ut først som sist.

Mitt engasjement bunnar i:

Ap skal vere å stole på! Ap skal snakke sant og halde ord!

Ap sitt partiprogram er bindande for gruppa og overfor dei som stemmer på oss - då får vi tillit!

Endringar i vårt politiske program undervegs skal forankrast i organisasjonen, hjå medlemmane og velgarane våre!

Politikk er å ville! Å finne løysingar! Å gjennomføre!




Kvifor ville Herøy Arbeiderparti satse på vidareutvikling av Fosnavåg fiskerihamn?

Jau, fordi Fosnavåg Pelagic og Fosnot ville satse, investere og vidareutvikle seg i hamna.


Då Herøy Ap saman med andre gikk i spissen for utbygging på Mjølstadneset var det sterk vilje, uthaldenheit og gjennomføringskraft som var virkemiddelet. Saka var boren fram av bl.a. dyktige og viljesterke Ap-politikarar som meinte at legg vi til rette for næringslivet så vil det blomstre. Der var ingen garanti for at investeringa ville løne seg, heller ikkje garantiar frå næringslivet, og motkreftene var sterke, som no. Men resultatet ser de!

Det same skulle gjelde for Fosnavåg hamn. Men så glapp det for oss. Konservative krefter både i og utanfor partiet som ikkje har den sterke politiske viljen og motet som dyktige Ap-politikarar viste på Mjølstadneset, vann fram. Det har mange merka seg!

Vi må snakke sant og gi rette opplysingar!


17-16 for skrinlegging av Fosnavåg hamn-prosjektet

Kommunestyret gjorde torsdag kveld endeleg vedtak om å skrinlegge utdjupinga av Fosnavåg hamn. Men det vart jamt.


Etter kommunestyregruppa sitt tilsvar den 31.08.20 har eg ringt dei to bedriftene som er nemnde, lagt fram dei opplysningane kommunestyregruppa gir i sitt innlegg, og stilt følgjande spørsmål:

– Har Herøy Ap kontakta dykk direkte for å sjekke at dei opplysningane dei brukar i si grunngjeving er rette? Begge svarte nei.

– Er dei opplysningane som Herøy Ap gir om dykkar verksemd i innlegget frå kommunestyregruppa rette? Fosnavåg Pelagic svarte nei. Fosnot opplyste at dei skal utvikle verksemda både i Fosnavåg og på Mjølstadneset. Dei opplyste og at dei for å vidareføre si verksemd i Fosnavåg er avhengig av at hamna fungerer som ei aktiv fiskerihamn også for større båtar. Fosnot opplyser at satsinga på to stadar gir dei fleire bein å stå, og at dei må ha kapasiteten for både større og mindre båtar begge stadar.

Fosnavåg Pelagic opplyser og at dei i perioden 2019-20 har investert for litt over 20mill. i Fosnavåg. I dag, 01.09.20, startar dei opp rognproduksjon i eit anlegg som kostar fram mot 12 mill, og som gir nye arbeidplassar. Dette tiltaket er eit nytt steg i planane om å utnytte og foredle råstoffet fullt ut.

Så kvar Herøy Ap tek opplysningane om stopp i investeringsplanar frå er ukjent for verksemda.

Som eit kuriosum kan eg nemne at under auksjonen i går meldte ein stor båt i si fangstmelding: ”Ikke Fosnavåg” (pga dybde.)! I dag låg det to båtar i hamna for lossing!

Alle skjønar at vidare investeringar i slik verksemd er avhengig av optimal og sikker tilgong på råstoff.

Ei umiddelbar morsomheit gjer seg også gjeldande då det i siste Vestlandsnytt var to uavhengige oppslag om næringsutvikling i Fosnavåg:

Havlandet satsar på næringsPUB og Herøy Ap stoppar satsinga på Fosnavåg hamn!

Politikk er å ville!

Partiprogrammet skulle skape optimisme og tru på at Herøy Ap var det rette partiet til å leie utviklinga i Fosnavåg og Herøy! Programarbeidet engasjerte fleire!

Gjennom eiga satsing og risiko, og statleg bidrag (108 mill.) skulle vi rydde i gamle miljøsynder, og Herøy kommune, næringsliv, kultur og turisme skulle gå hand i hand og gjere Fosnavåg til ei unik perle som folk snakka om, besøkte, fann seg arbeid og busette seg i. Den unike kombinasjon av fiskeri, mange store og små båtar i hamna, fiskeriretta service, fiskeforedling, kultur, kafe og restaurant saman med hotell, fjord og fjell, skulle gjere Herøy og Fosnavåg meir attraktive, og skape ei optimistisk stemning og utvikling.

Dette var vårt mål då vi ba om og fekk, tillit til å styre kommunen.

Vi svikta denne tilliten! Vi klarte det ikkje! Det har mange merka seg! Og eg er skuffa!

Bjørn Martin Aasen,

Medlem Herøy Arbeiderparti