Pant for skip må på plass

Maritim næring er i krise. Høgre-regjeringa og Frp kan ikkje stå med hendene i lomma. Seinast neste år må ei god nok panteordning for utrangerte skip vere på plass.

Kleven. Illustrasjonsfoto.  Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Koronapandemien er den tredje krisa som treff maritim næring i Noreg på 12 år. Bransjeorganisasjonen Maritimt Forum har fått utarbeida ein rapport som syner at nesten annankvar tilsett i næringa kan stå i fare for å misse jobben. Det utgjer 10.000 arbeidstakarar, berre i Møre og Romsdal.

Diverre skortar det så langt på målretta innsats frå Høgreregjeringa og Frp for å halde hjula i gong i maritim sektor. Dei har ikkje prioritert å starte bygging av skip til marine og kystvakt, sjølv om det berre er ei oppstartsløyve som manglar.

Ei såkalla panteordning er på plass, men den er berre på 75 millionar kroner og gjeld berre nærskipsflåten – skipstypar som knapt blir bygde i Noreg. Ei tilstrekkeleg panteordning må vere langt større, både i sum og omfang.

Ei skikkeleg panteordning for utrangerte skip er ikkje berre bra for miljøet, men det vil bidra til auka etterspurnad etter nye skip og moglegheiter for teknologiutvikling – noko heile verftsindustrien sårt treng akkurat no.

Vi krev difor at ei tilstrekkeleg panteordning for utrangerte skip kjem på plass snarast – seinast i samband med statsbudsjettet for 2021. Eit samla Kyst-Noreg treng handling no.


Per Vidar Kjølmoen, Møre og Romsdal Arbeidarparti

Olav Høydalsvik, Fellesforbundet, Søre Sunnmøre

Hanne Notøy, Ulstein Arbeidarparti