Nyttar eigentleg kjeldesortering?

Nyleg har Folkeopplysningen og Debatten på NRK teke opp kjeldesortering og gjenvinning, særleg av plast. Reddar kjeldesortering klimaet? Nei. Men det blir for enkelt å samanlikne resirkulering med andre klimatiltak som å kutte flyreiser og å køyre mindre bil.

KJELDESORTERING: Handlar om å halde verdifulle ressursar i krinsløpet så lenge som mogleg, skriv dei kommunikasjonsansvarlege i SSR, ÅRIM og VØR. Biletet er teke frå Muletua.   Foto: Andrea Sæverud, SSR

Fritt Ord

Kjeldesortering er først og fremst viktig fordi jordkloden berre har ei viss mengde ressursar. Og spesielt fordi mange av dei ikkje er fornybare, som til dømes fosfor.

Matproduksjon er avhengig av fosfor. Når vi kjeldesorterer og lagar gjødsel av matavfallet vårt, fører vi fosforet tilbake til jorda. Og når vi gjenvinner aluminium, slepp vi å hente ut like mykje bauksitt frå ressurslageret i jorda. Slik varer råvarene i fleire generasjonar, samtidig som vi får mindre utslepp når materialet blir utvunne.

Det er nettopp dette kjeldesorteringa handlar om: å halde verdifulle ressursar i krinsløpet så lenge som mogleg.

Avfallsbransjen kjenner til mange av utfordringane som det blir peika på i desse programma. Vi veit at systema for avfallshandtering i verda ikkje er perfekte, og at mykje avfall ikkje blir gjenvunne til nye produkt, til dømes fordi det er tilgrisa eller ikkje let seg gjenvinne på grunn av materialsamansettinga. Men det som er heilt sikkert, er at dersom folk sluttar å sortere, så får i alle fall ikkje råvarene nytt liv.

Framover treng vi produsentansvarsordningar som verkeleg forpliktar. Det betyr at dei som set emballasjen i butikken må ha eit større ansvar for kva som skal skje når denne er blitt avfall. Vi treng emballasje som er reine råvarer, som ikkje inneheld 50 prosent ditt og 50 prosent datt. Emballasjen må vere designa for gjenvinning. Og den emballasjen må vere rett merka slik at folk ikkje kjenner seg lurt. Det må vere lett å gjere rett! Som innbyggjar skal ikkje eg og du trenge ei doktograd i plast for å kaste i rett bøtte.

Korleis kan vi få eit betre system og dermed gjenvinne endå meir? Det må vi gjere saman. Kjeldesortering er eit samarbeid der styresmakter, produsentar, innsamlarar, gjenvinnarar og innbyggjarar i fellesskap må bidra i rett retning. Dei nye EU-krava til gjenvinning er rett rundt hjørnet og viser tydeleg at det er ressursane det handlar om. Snart blir vi ikkje målte på kor mykje som blir sortert rett, men på kor mykje som faktisk blir gjenvunne til noko nytt.

Systemet for gjenvinning er ikkje perfekt. Men for at det skal bli betre, må vi halde fram med å kjeldesortere så godt vi kan. Halde fram med å vise politikarar og næringsliv at vi ønskjer ei betring. NRK-programma om kjeldesortering kan forhåpentlegvis bli eit viktig spark bak både til dei som lagar reglane og dei som lagar produkta. Kanskje kan det frå styresmaktene bli lagt betre til rette for at meir avfall kan gjenvinnast lokalt og innanfor landegrensene. Det er både bra for miljøet, for kontrollen vi har på avfallsstraumane, og ikkje minst vil det kunne skape ny industri og arbeidsplassar.

Så, kva kan du gjere vidare?

  • Hald fram med å kjeldesortere! At ikkje absolutt alt blir resirkulert, betyr ikkje at det er nyttelaust. Vi er på veg mot eit betre system, og for at det skal gå framover må vi halde fram med sorteringa.

  • Kan du redusere mengdene plast du drassar med deg heim? Kan du kjøpe brukt i staden for nytt?

  • Ta i bruk forbrukarmakta di og vel produkt av resirkulert plast når du har sjansen til det.
  • Det aller beste du gjer for både klimaet og miljøet når det kjem til avfall, er å forbruke og kaste mindre.

I Noreg har vi eit forbruk av ressursar som gjer at vi treng 3,6 jordkloder for å halde tritt. Vi har berre ei. Tenk over det når du kjøper, brukar og kastar.


Ingeborg Ukkelberg, ÅRIM

Ina Osdal Saure, VØR

Andrea Øien Sæverud, SSR