Om Stadthavet - og anna styggedom

- Det er vel ikkje tvil om at «Staden» har vore frykta av sjøfarande, både i farne tider, og no i dag, og «Staden» er ikkje berre sjølve Stadt, men heil Stadthavet, skriv Harald Brandal.

Stad skipstunnel  Foto: Illustrasjon (arkiv)

Fritt Ord

Gudmund Solstad hadde eit innlegg i Vestlandsnytt i høve den mykje omtala Stadtunnelen. I dette innlegget nemner han morfar sin, som hadde tallause turar rundt Staden som jekteskipper, utan uhell. Dette sidan dei heldt seg langt frå land ved runding av denne «knyttneven». Sidan har både K. A. Høyvik og G. Solstad hatt innlegg om saka, med vektige synpunkt frå båe sider.



Etter å ha lese desse innlegga, kom eg i tankar om mine yngre dagar, då eg skulle læra meg gotisk skrift, og «knota» meg gjennom «Nordlands Trompet» (vår utgåve var årsett i Kristiania i 1892, så vonar den framleis er den «rette» utgåva. Frå denne utgåva, under siste kapitelet «Tromsøens beskrivelse», står m..a. som fylgjer:

«– Og vil nu den Tromsøfar kjøbe sig Mad, To hundrede Miler til bergenske Stad han maa med sin’ Jægter henlakke. Hans Reise begyndes om Midsommers Tid; Det hænder sig stundom, han vinder ei did, før Michel fremtriner i Gaarde. Nu skal han tilbage, naar Marked er gjort, De Miler er lange, men Dagen er kort, Tænk, hvordan den Reise vil vorde! Hans langsomme Seiling forvolder det tit, At Jægten med Ladningens hele Profit, fortæres og ganger i Løbet, Og, sker det omsider, han lange kan frem, Da føres hver anden Mand syg til sit Hjem Med Levnets stor fare paa Kjøbet. Det er en elendig og jammerlig Sag, for alle Nordfarer en farlig Umag, Med aabne fartøyer og Jægter. At fare saa lang en umaadelig Vei; hvad Fare medfølger, jeg skrive vil ei, Mig Tiden det ogsaa benægter. Et Tusend sex hundrede nitti til to

Da vare der flere, der græd, end der lo, Den Tid vore Jægter de stødte Paa Banker og Grunder i store Stats-hav, Man saa hverken Stuv eller Stikke deraf, Det sendtes Neptuno til Bytte. Min Jægt var i Selskab og stødte derhos, Der foor baade Midler og timelig Gods, O Gud, dig ske tusenfold Ære! Du togst det igjen, det du selver mig gav, Se nøgen fra Moder og nøgen i Grav,Mit Symbolium stedse skal være. Hvad skjøtte jeg, Havet tilføyde mig Vold! Gud haver tidobbelt igjen i Behold, Lad bruse de Bølger og brumle!».

Det er vel ikkje tvil om at «Staden» har vore frykta av sjøfarande, både i farne tider, og no i dag, og «Staden» er ikkje berre sjølve Stadt, men heil Stadthavet. Ein av oldefedrane mine «ligg med eit tareblad onde hauda» eineller annan stad ute i «Bådå», «Paddemarka» mellom Stadt og Runde, men denlagnaden var han ikkje åleine om!

No var det ikkje tanken min å skriva om «for lenge sidan», men om notida. Også idag må farty ligga «på vèret» ved Haugsholmen og syd for Stadt for å venta på lagleg vèr for å koma seg rundt. Det er framleis mindre farty som fraktar last mellom større og mindre stader langs kysten. Last som må fram innan viss tid, som t.d. ferskfisk, og oppdrettsfisk, for ikkje å nemna fiskarar i små sjarkar. M.a.o. alle som har si næring på havet.

Til avslutning på dette innlegget, er det mitt syn at denne tunnelen gjennom Stadt, mellom Moldefjorden og Kjøde, har mykje større samfunnsnytte enn både Stortingsgarasjen og ny E-18 mellom Sandvika og Bygdøy. Diverre er det slik at ein «fis» i Stortingsgata høyrest mykje høgre enn eit vulkanutbrot på Jan Mayen.

(Merknad: «Michel», Mikkelsmesse=29.september.)

Med ynskje om snarleg «gjennomslag»


Knut Arne Høyvik:

"Gudmund og skipstunnelen"

Knut Arne Høyvik svarer Gudmund Solstad om behovet for Stad skipstunnel i dette lesarinnlegget.