Del 1:

Trollvogga og Laupsnipa, spådomar og litt til

I avisa 30. juni fann eg eit flott bilete av Trollvogga på Runde. Eller rettare sagt, restane av Trollvogga. Det er eit stort, meir eller mindre, lausthengande fjellstykke ved ein lang klove på sørvestsida av Runde. «Vogga» vart prøvd skoten vekk i 1960: Ikkje heilt vellykka, omlag ein tredjepart vart ståande att.

Frå Laupsnipa mot Rovdefjorden: Bratt og luftig, og i si tid vart det betalt ekstra kyrkjeskatt for å hindre ras.   Foto: Mariann Skoge / morotur.no

Fritt Ord

Same avisa melder om steinsprang og nestenulykke på vegen i Kvalsvikstranda. Det er ikkje nytt. Det har hendt før og vil skje heretter også. At menneskeliv vil gå ta tapt før «Staten» tek affære, er utvilsamt ein ubehageleg tanke for folket i Kvalsvika.

Andre media melder om nye og strengare reglar for bygging og sikring i såkalla skredutsette område. Ei ny og heller lettvint kartlegging av Kongeriket har fått folk forbanna og hovudristande. Byggeforbod for garasjar i byggefelt, gapahukar i utmarka og utedo på stølar i område der det aldri har gått eller vil gå ras, har sett sinna i kok hjå lokalkjende folk. På ein gard i Hardanger går visstnok «grensa» endatil gjennom ektesenga! Skal ein fri seg, må det leigast inn geolog og betalast skyhøge gebyr til kommunen.

Oppslaga freista til eit aldri så lite «djupdykk» i historia. Overraskande nok for meg i alle fall, kom det fram ein del ukjende opplysningar.

Farlege fjell

Rasfarlege og farlege fjell er ikkje noko uvanleg. Kikar eg ut vindauget, ser eg bort i Helgåsberget, den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogn og Fjordane. Høgt oppe i brunakanten ligg Lausenova, truande til å fare unnabakke kva tid som helst. I Skrevika var det at fire medlemer av rockegruppa New Jordal Swingers omkom i eit stort steinras i 1982. Hadde dei vore eit minutt eller to før, hadde liva vore redda. Og mange andre nestenulykker kan nemnast. Så Helgåsberget er ein utriveleg plass å i køyre ved veromslag eller langvarig regnver.

Ute med fjorden har det flogbratte og utoverhengane Gjøringebøfjellet ei lang sprekke i fjellgrunnen: Fjellet skal ein gong rase, vert det sagt. Flodbylgja skal ta gardar og grender og det skal ikkje vere att korkje stav eller stikke av sjøhusa. Merket skal vere: Når det står sju brurer same sundagen i Vevringkyrkja, då er det ikkje lenge att.

Vevvring kyrkje: Når det står sju brurer same sundagen i Vevringkyrkja, då er det ikkje lenge att ..... .  Foto: kulturminnesok.no – Britt Kringlen.

I boka Studiar i norsk segnhistorie (1948) tek Kjell Bondevik for seg m.a. slike «spådomsegner». Mange stadar gav folk gåver, eller betalte ei avgift, som eit slags offer til kyrkje eller «Spitalen (Spedalskesjukehuset)» i Bergen for å fri seg frå slike store rasulykker, fortel han. Opphavet kan vere at langt attende i tid har nokon gjeve ei «gåve» til kyrkje eller kloster ved slike høve. Så har ein blitt hangande med det i generasjon etter generasjon, i trua på å hindre fleire slike hendingar: Den stendige faren førte til lovnadar for lange tider.

Bondevik problematiserer kring fleire slike segner: Han fortel om Skolma, den over 600 m høge og markante fjelltoppen i stranda mellom Flø og Brandal. Eit stort fjellstykke skal ein gong sturte i havet og valde stor skade. For dette ikkje skal skje, har oppsitjarane på dei nærmaste gardane frå gammalt av betalt ein eigen serskatt til «Spitalen» på Reknes (Det seinare tuberkulosesanatoriet på Molde).

For meg, som er oppvaksen på Runde, representerer Skolma elles eit av dei aller vissaste vermerka, eit merke som aldri slår feil: Legg han seg skodde kring Skolma, kjem han med regn og uver.

Frå gamle Herøy prestegjeld nemner han Trollvogga og Laupsnipa. Folk har trutt at dei begge ville ramle ned. Så har ein betalt ein «ekstraskatt» til presten for at dette ikkje skulle skje:

Etter segna skulle der i gamle dagar vere ytt milde gåver i Kvalsvika, som ligg rett over fjorden for Trollvogga på Runde.

Laupen og Skredestranda låg i gamle dagar under Vanylven prestegjeld vert det fortalt. På Laupen skal det på ein fjellhammar ovanfor tunet ligge ein stor stein oppå to andre, Tresteinen. Det ser ut som steinen kan rause ned på husa for eit godt ord. Men ein gong var presten på Laupen i embets medfør. Då klarde han å innbille folket at einaste måten å sikre seg, var å betale ein halv dalar – to kroner – årleg til Vanylven prestegard. Og då noverande eigaren av Laupen kjøpte garden, måtte han gje den lovnaden at unge folk med born – eller von om born – ikkje måtte busetje seg der.

På Skrede fann same presten ein enda farlegare stein, «taksert» til 7 kr. «Denne stein løsnet for noen år siden og holdt på å skade den på Skrede ennu boende kones datter.», har Bondevik fått opplyst. Men heftet på 7 kr årleg ligg enno på garden!

I «Folk og Fortid» 1997 har Elise Bjøringsøy eit velskreve stykke om Laupen og folket der. Her er fortalt både om den lause steinen og den store kløfta i Laupsnipa:

Oppe i fjellet, ovaom husa, ligg ein stor stein som ser ut som han han kan falle ned når som helst. Frå gammalt av, og heilt opp til nyare tid, vart det betalt ein kyrkjeskatt, for at steinen ikkje skulle dette ned og gjere skade. - - -

Folk meiner at kløfta har vorte breiare eller kvart. Mange har vore redde at det ville falle ut eit stort stykke av fjellet, hamne i fjorden, og lage ei veldig flodbylgje.

Laups-Ingeborg selde i 1911 garden og flytte til Rovde. Sidan har der ikkje butt folk.

Tafjordulykka skapte redsel

Ein av dei verste rasulykkene i nyare tid var då Langhammaren i Tafjord rasa ut, natt til 7. april 1934. Flodbylgja som fylgde med, gjorde til at 40 menneske omkom. Dette vekte stor merksemd og sorg landet over. Redsla og tankane om fleire rasfarlege fjellområde har på kort tid sege inn hjå folk flest.

I Herøy kom segnene om Trollvogga og Laupen opp frå folkedjupet. Alt 13. april melder Sunnmørsposten at «Folk som bur på Runde fortel, at fjellet Trollvogga i mange år har truga med å gå i sjøen.»

Ei meir utførleg melding gjekk i avisene landet over, her sitert etter Nordlandsposten 9. mai:

I Herøy på Sunnmøre er folk oppskremt av Tafjordkatastrofen, og man er redd for at man skal bli utsatt for noget lignende. På siste møte i herredstyret forelå det en henvendelse fra endel opsittere for å få undersøkt hvor stor fare for det er for Trollvogga på Runde og Laupsnipa ved Voldnes kan styrte ned. Folk har i lange tider hatt den tro at begge vil styrte engang, og i gamle dager betalte man en ekstra skatt til presten som enslags assuranse mot at noget slikt skulde skje. Herredstyret besluttet å la begge de utsatte steder nærmere undersøke.

Heradstyremøtet var den 30. april. Det vart vedteke å sende saka over til Lensmannen som rette instans. Kva lensmannen har gjort, veit eg ikkje. Men statsgeolog dr. Bugge har i alle fall vore på ei synfaring av Trollvogga, til liks med fleire andre utsette rasområde.

Dermed vart det etter kvart stilt, i alle fall som nyhende i avisene.

«Puff» og «Pang» frå Trollvogga

Omsider, i 1960 var i alle fall saka moda for Trollvogga sin del: I september vedtok heradsstyret å løyve 500 kr til å sprenge vekk «Vogga». Bakgrunnen kjenner eg ikkje. Men om minnet ikkje er det det ein gong var, hugsar eg i alle fall til hendingane. Andre får korrigere meg om naudsynt!

Eg gjekk i 7. klasse, lærarar på Runde var mi vyrde syster Ingrid og Rolf Oterhals. Me skuleungane fekk fri for å gå sør i Handfongenskaret får å sjå på. Det var der ein hadde best oversikt over «Vogga» og området rundt. Datoen var mandag 3. oktober, skal ein tru avismeldingar.

Då me kom fram, var alt mykje folk samla, somme hadde kikkert med. Nokre klatra gjennom ei steinete rås opp på Gonnjasnosa for å få endra betre oversikt. Der var tydeleg ein viss aktivitet av folk inne på brunakanten ved «Vogga» og i den djupe sprekka mot fjellet med transport av dynamitt, lading og anna klargjering. Spenninga steig etter kvart som klokka gjekk og me såg at arbeidsfolket drog seg vekk. Så, på det avtala klokkeslettet:

Ein røykpuff ende til vers, ein smell og nokre steinar som buldra nedetter fjellsida mot fjøra! Men Trollvogga sto like godt som før, fastare i fjellet enn nokon trudde.

Heldt eg meg for øyrene? Eg trur det, men er ikkje sikker. Eg vart i alle fall på ein måte skuffa, eller heller kanskje stolt på Trollvogga sine vegner.

Om me fekk fri resten av skuledagen? Tja, kven hugsar det?

Eit nytt forsøk måtte i alle fall til, skulle ein berge æra. Me masa oss fri på nytt. Det var berre så vidt det gjekk, me hadde alt kasta vekk ein skuledag til inga nytte.

Den nye dagen var onsdag 12. oktober. No hadde «Sprengingsgruppa» fått med seg meir dynamitt og førebuingane var grundigare. Ladningar var lagt ut meir systematisk og der vart dekt over med torv.

Til stor jubel frå dei skodelystne i Søre Handfongenskaret: Trollvogga skaut som småbitar ende ut frå fjellet og for med bulder og brak rausande ned i fjøra. Trudde me! For då dynamittrøyk og steingov hadde sege vekk, såg me at ein stor del sto att:

«Friheten», 14. oktober 1960:

Onsdag lyktes det endelig å få fjernet den farlige fjellknausen «Trollvogga» på Runde. Knausen har lenge vært løs og var betegnet som farlig. Heldigvis oppsto det ingen flodbølge som ventet, idet fjellmassivet ble sprengt i biter før det nådde havet. Den utsprengte knausen var på ca. 3.000 kbm.

Det var alt avisa hadde å seie om den saka. Omlag ein tredjedel av Trollvogga står igjen, farlegare og lausare enn før. Men for den del: Eg trur folket i Kvalsvika kan sove trygt om nætene for Trollvogga sitt vedkomande.

Dåverande vegvaktar på Runde, Jakob Gundersen, skreiv ei vise om «Kampen mot Trollvogga». Visa har heile 16 vers. Så med nokre kommentarar frå mi side – kan ho vere vel verdt å dra fram att, no 60 år etter. Det må bli Del II av følgjetongen.

Trollvogga på Runde: Skapte i si tid stor frykt - eit ras kunne gje flodbølgje i Kvalsvika.   Foto: Kjell Runde

Kjelder

- bokhylla.no: Scanna og digitaliserte aviser.

- Bondevik, Kjell: Studiar i norsk segnhistorie. 1948.

- Eigne minne.

- Folk og Fortid 1997. Artikkel av Elise Bjøringsøy.

- IKA Ålesund: Herøy heradstyre, utskrift frå møtebok 1934.