Jens T. Johnsen_

«Det hjartet er fylt av»

Nær 200 personar: Då aksjonsgruppa gjorde eit forsøk på å telle folkemengda var der nær 200 som hadde møtt opp.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Ja, fylte – strøymde vi i lange stigar ned frå Branden i finværet sist laurdag: Vi hadde vore med på noko, saman! Vi hadde vore med på noko stort!

Dert hadde å gjere med glede!

Med takksemd!

Med å kjenne ansvar – for naturen, for dei komande slektene, for skaparverket!

Vi song dei gode songane. Om alt vi såg omkring oss: Steinute strender og bårute hav! Fisk som leikar og lier som grønkast og ljose sommarsnetter! Og om lengting, liv og song! Vi song om den nye våren og kjærleiken rein og klår!


Laurdag samla det seg ei stor folkemengd på Rundebranden for å uttrykke sin motstand mot eit omstridt vindkraftanlegg:

– Skal eg nokon gong leggje meg i lenkjer, må det bli her

Det sa fylkespolitikar Ingrid Opedal (SV) på Rundebranden då ho, stortingspolitikar Sylvi Listhaug (Frp) og fleire kritiske røyster laurdag tala mot etableringa av havvind-parken Havsul 1.


Kaja (Runde) leia det heile, humørfylt og høgtidsstemd, med sitt usvikande gehør for samklangen mellom natur og kultur. Enkle grep, rette grep. Vi kjende vi vart eitt i den klåre lufta med det vide utsynet – utover, men og framover! Vi sat der som born av same kulturen med same ansvaret! Og borna var med, og ungdomen - i vitnemål, dikt og draum!

Sjølv kjende eg på at eg sat der med to merkelappar på ryggen.

Den eine var politikaren, partiet eg representerer i kommunestyret: Har vi vore klåre nok i spørsmåla om berekraft og forbruk? Alf Ottar (Folkestad) fortalde om fuglelivet her på staden og dei lange turane desse små dagleg tek for å finne maten ungane treng. Dei flyg langt nord for dei planlagde vindkraftanlegga utanfor Nordøyane! Paul Harald (Leinebø) sanna syndene til den norske fiskaren dei siste 10-åra med lemfeldig handtering av plast og garnrestar…Og vi klappa, og han heldt fram med fisken og kampen om den utsette Møresokkelen. – Nyttig, ja, livsviktig for politikaren som sat der!

Den andre merkelappen var presten! Det var som å sitje i katedralen – med den høgst tenkjelege himlingen! Her kunne takken fare opp utan hindring – for desse borna og ungdomane som gav oss hjarta deira! For desse med livsrøynsle som gav oss kunnskap. Det var visst nok med eitt ord i dag: Amen! Det rommar både takken og vona og trua på ei framtid for skaparverket! Men ikkje minst: Ein reflektert kristen teologi utfordrar til å ta ansvar!

Det heilt spesielle ved dette arrangementet for meg var samklangen mellom naturen og kulturen. Også dansarar var med - i skarpe fargar, spisse fuglenaser og mjuke venger prega dei fjellet denne dagen medan storjoen, ørna og havsula svevde og stirde med store augo. Tru om dei kjende på noko – slik vi gjorde!