Innkjøpsstrategi for å handle lokalt i Herøy kommune

Slik eg ser det, så har det å støtte lokale bedrifter aldri før vore viktigare, skriv Aleksander Tarberg (KrF) i dette innlegget.

ALEKS­AN­DER ZAHL TAR­BERG: KrF-rep­re­sen­tan­ten har skrive dette innlegget.   Foto: Herøy KrF

Fritt Ord

Dette spørsmålet var planlagt å stille som eit grunngjeve spørsmål til ordføraren under torsdagens kommunestyremøte, men av omsyn til lengde på kommunestyremøtet godtok eg å vente til neste møte. Då vil spørsmålet bli stilt på nytt og vi får svar frå ordføraren.

Eg viser til innlegg i Vestlandsnytt frå Herøy Arbeidarparti og Svein Gjelseth, der det blir trekt fram viktigheita av at kommunen tenker og handlar lokalt i sine innkjøp.


Må handle meir lokalt: – Vi har fått oppskrifta på korleis det kan gjerast på ein enkel måte

Herøy kommune handlar for om lag 80 millionar kroner i året, men berre ein liten del av desse kronene kjem lokale firma og handlande til gode. Det vil Svein Gjelseth ha ei endring på.


Seinare har også same bodskap kome frå Havlandet i lys av korona. Dette er noko som eg meiner er viktig, og som eg meiner kommunen i mykje større grad enn i dag bør praktisere.


Havlandet AS med klar oppfordring til formannskapet:

– De må tenke lokalt

Uvisse var det sentrale stikkordet då Havlandet orienterte formannskapet om stoda i lokalt næringsliv sist veke. Dei oppfordra samstundes kommunen om å gjere lokale innkjøp.


Eg meiner det på generelt grunnlag er uhyre viktig at vi alle tenker lokalt når det kjem til handel og innkjøp av varer og tenester. Spesielt viktig er det no, i desse tider med covid19, at vi alle er litt proteksjonistiske. Hugs at mange bedrifter slit og opplever ei dramatisk nedgang i omsetning ut i frå rådande samfunnsituasjon med «lockdown» frå staten. For mange kan dette bety konkurs.

Som kommune må vi tenke heilheitleg og dyrke samspel mellom kommune og lokalt næringsliv.

Herøy kommune som organisasjon og innbyggjarane er avhengig av eit lokalt næringsliv. Då må vi vise dette med handling, bokstavelig talt. Alle og einkvar av oss bør tenke oss ekstra godt om no, og støtte lokale bedrifter i handel og innkjøp så langt dette er mogleg for den enkelte.

Herøy kommune bør etter mi meining gå foran som ei ledestjerne og vere tydeleg på at dei ynskjer å handle lokalt med dei bedriftene som er i kommunen. Kanskje kan Herøy kommune sine innkjøp vere det som skal til for å berge fleire bedrifter gjennom ekstremt vanskelege tider.

Slik eg ser det bør vi ha ein eigen strategi for innkjøp som er tilpassa Herøysamfunnet, der kommunen går aktivt ut i marknaden når lokale innkjøp skal gjerast. Etabler ein god dialog og eit forum mellom lokale bedrifter og kommunen som organisasjon. Bruk gjerne Havlandet aktivt i arbeidet med ny strategi.

Eg har inntrykk av at det er vilje blant dei så jobbar i kommunen til å støtte lokalt næringsliv, men at dei er bundne av eit rigid og komplisert regelverk for offentlege anskaffingar. Kanskje bør ein innkjøpsstrategi også ha med seg midlar og rom for kompetanseheving og kursing av tilsette i dette minefeltet. Det vil skape tillit og tryggheit for begge partar.

Det viktigaste er likevel at kommunen er tydeleg og klar på at ein vil gjere innkjøp gjennom å handle lokalt. Slik eg ser det, så har det å støtte lokale bedrifter aldri før vore viktigare!

Så, ordførar kva er status for arbeidet med lokal innkjøpsstrategi? Når kan vi forvente å få ei sak på dette i kommunestyret?

Aleksander Tarberg

Herøy KrF