Vil ha opprydding i helse- og omsorg i Herøy

På lengre sikt må vi jobbe for at fleire eldre skal greie seg sjølve lenger, ved tilrettelegging i heimen og ved å tilby trygge eldrebustadar, skriv Karl-Oskar Sævik (Frp).

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Dei siste økonomirapportane og rekneskapen for 2019 viser dramatiske negative avvik innan helse og omsorg i Herøy. Herøy Frp ser særs alvorleg på dette, og vil ikkje lenger gå vidare og berre ta desse dårlege nyhendene til vitande. På lengre sikt må vi jobbe for at fleire eldre skal greie seg sjølve lenger, ved tilrettelegging i heimen og ved å tilby trygge eldrebustadar. Det er derimot ei omstilling som vil ta tid, og difor må vi no setje i gang eit arbeid med å rydde opp i måten vi drifter dagens organisering på.

Herøy Frp foreslår at rådmannen skal setje ned eit utval/arbeidsgruppe på sju medlemmar, beståande av tre frå helse og omsorgsutvalet, to frå administrasjonen og to tillitsvalde. Formålet med utvalet/arbeidsgruppa skal vere å gå gjennom alle avdelingane under helse og omsorg, og lage ein rapport med tiltak for å effektivisere drifta. Herøy Frp ønskjer ikkje å setje nokon leveringsfrist på dette arbeidet, då det er ei omfattande oppgåve, og at forhasta konklusjonar er uønskte.

Spørsmål til ordføraren:

Er ordføraren einig i at det er på tide å ta grep om økonomien i helse- og omsorgssektoren?

Vil ordføraren gi si støtte til å setje ned eit slikt utval/arbeidsgruppe?

Forslag til vedtak:

1. Kommunestyret ber rådmannen setje ned eit utval/arbeidsgruppe som skal gjennomgå alle avdelingar innan helse- og omsorg.

2. Utvalet/arbeidsgruppa skal bestå av tre representantar frå Helse- og omsorgsutvalet, to frå administrasjonen og to tillitsvalde.

3. Helse- og omsorgsutvalet vel sjølv sine representantar til utvalet.

4. Utvalet/arbeidsgruppa skal legge fram ein rapport med tiltak for å effektivisere drifta, samtidig som forsvarlege tenester blir varetekne.