Natursvin på Runde

- Søppelet er berre å sleppe ut av hendene!

Søppel på Runde.  Foto: Privat

Fritt Ord

Desse bileta er tekne «sør å’ Stranda» på Runde, til venstre når du kjem over brua. Det er ein mykje nytta turveg. Sjølv går eg der fleire gongar pr. veke. Men så har ein dei som ikkje veit korleis ein skal oppføre seg ute i naturen. Søppelet er berre å sleppe ut av hendene! Kommunen har sett opp dunkar som vert regelmessig tømde, så det skulle ikkje vere noko problem.

Muren på bileta er restane etter sommarfjøsen som vart nytta i min barndom/ungdom, og som far har mura opp. I dag er det Lill Berit og Inge som driv garden. Dei brukar å ha ungdyr på beite der om sommaren. Det vert vel dei som må rydde opp. Det er ikkje særleg heldig dersom dyra får i seg plast!