Vi treng ein masterplan for gjenvinning

Dagens avfall er morgondagens industri. Dette er framtida alle innan avfallshandtering er på veg inn i.

Avfall: Kommunar i fylket eig fleire selskap som handterer avfall frå husstandane. Ein del oppgåver er det mange selskap i fylket som utfører. Andre oppgåver blir i dag utført av selskap utanfor fylkes- og landegrensene. Styreleiar i ÅRIM spør korleis den framtidige næringskjeda for avfall i fylket bør vere, og kven som skal leggje planen for denne.   Foto: Illustrasjon: ÅRIM/Spirdesign

Fritt Ord

Eller rettare sagt: Det er den kvardagen vi i dag lever i. Kanskje er nokre av arbeidsprosessane folk flest ser like. Bilar og folk som hentar dunkar er likt det eg opplevde som ferievikar på bossbilen, men der sluttar òg likskapen. Mest ulikt av alt er framtida.

I Møre og Romsdal arbeider ei rekke selskap med gjenvinning. Vi har gode fagmiljø, der både næringsliv og universitetsmiljø er aktive. Felles for fleire av selskapa er at dei har eigarar frå offentleg sektor, altså kommunane. Dei er opptekne av både jobben vi gjer til dagleg og FN sine klimamål. Målet er å løyse oppgåvene best mogleg for storsamfunnet. Men er vi organisert rett, og driv vi så bra at vi kan seie at resultatet er godt nok?

Spørsmålet fortel nok i seg sjølv kva eg meiner svaret er.

I fylket har vi fire store miljøselskap. Oppgåvene til selskapa er ganske like. RIR (Romsdal), VØR (Volda-Ørsta), SSR (Søre Sunnmøre) og ÅRIM (Ålesundsregionen) er interkommunalt eigde selskap som skal løyse lovpålagde oppgåver for innbyggjarane. Som styreleiar i ÅRIM ser eg ei stor utfordring og samstundes sjansen til å utvikle fagfeltet avfallshandtering og gjenvinning. Selskapa i Romsdal og på Sunnmøre er eit stykke unna dei beste i landet på dette feltet. Det er ikkje til å underslå at vi er for små kvar for oss. Skal vi drive effektiv resirkulering og skape nye verdiar av avfall, så er volum og ny teknologi nødvendig.

Kvar for oss driv selskapa etter ein plan, ja til og med gode planar. Men kva er masterplanen innan gjenvinning for Møre og Romsdal? Kven er i førarsetet og eig den planen? Kven ser til at alt som skjer innan feltet går same veg? I dag er det ingen. Dagens struktur er ikkje god nok.

Vi har kunnskap til å utvikle næringsliv i regionen, men då må eit samla fagmiljø ta fatt i oppgåvene. Vi kan ikkje drive parallelt arbeid i fleire selskap med avgrensa kunnskaps- og oppgåvedeling. Dette arbeidet er starta. Tre av selskapa; RIR, VØR og ÅRIM diskuterer no nye samarbeidsformer. Dette skjer etter oppmoding frå ordførarar i fylket. Politisk er det signalisert klar vilje til samarbeids- løysingar. Vi diskuterer rommet for vidareutvikling og innovasjon. Dette kan bety realisering av eit ettersorteringsanlegg, eit biogassanlegg og andre løysingar som ingen har tenkt på no.

Tekst: Reidar Andresen, styreleiar i ÅRIM. 

Når vi ser på dagens situasjon i verda, ser vi kor alt heng saman. Det som skjer i Kina, Italia, Spania og USA set premiessane for kvardagen på Emblem, i Brattvåg og på Vestnes. Dei siste vekene har lært oss mykje om korleis «alt heng saman med alt». Dette gjeld òg innan gjenvinning og miljø. Vi er del av ein større nasjonal- og verdsmarknad. Då Kina i fjor stengde grensene sine for import av plastavfall, vart heile marknaden skipla. Lokalt opplevde vi at plast hopa seg opp på lageret i Bingsa. Landet og regionen fekk ei påminning om at vi sjølve må ha hendene på rattet for større delar av næringskjeda til avfallet. No er det nye plastsorteringsanlegg på gang i Noreg, og det er gjort intensjonsavtalar om å resirkulere minst ein tredjedel av norsk plastemballasje på eit nytt plastgjenvinningsanlegg i Indre Østfold.

Midt oppe i ei større samfunnskrise må alle ansvarlege stille seg spørsmål om vi er i stand til å handtere avfallet sjølve. Har vi system som er robuste nok? I ein normalsituasjon seier vi at gjenvinning handlar om miljøgevinst og ressursutnytting. I ei krise handlar avfallshandtering om beredskap. Vi må unngå uheldig lagring, forsøpling og miljøutslepp i alle ledd. Her er det samhandling langt utover det vi er i stand til på kvar vår tue.

Kriser gir også ny motivasjon til å sjå etter moglegheiter. Nokon må ha ansvar for å tenke dei lange tankane, for å gå dei tunge strekningane, for å arbeide strategisk for alt avfallet i regionen, for innovasjon. Dette krev fagleg breidde og tyngde, volum og kontinuitet. Då er det avgjerande at vi har ei samla kraft i regionen som kan ta eit slikt ansvar. Har vi dette i Møre og Romsdal?

Vi ser at andre selskap utviklar løysingar som vi kan lære av. BIR (Bergensområdet), er eit av dei største renovasjonsselskapa i Noreg, og sannsynlegvis det mest innovative. Konsernet har ansvar for store oppgåver knytt til gjenvinning på vestlandet. BIR erfarer at med ansvar og kontroll over heile verdikjeda, så har dei det som skal til for å skape framtidsretta løysingar. Selskapet skaper både eigne prosjekt, og saman med næringslivet rundt seg. Selskapet har blant anna markert seg med innovative løysingar knytt til digitalisering. Eit av prosjekta har vore å samle data, slik at kvar innbyggjar betaler for avfallet dei faktisk leverer. Dette gjer at innbyggjarane leverer ni prosent mindre restavfall og tjueåtte prosent meir plast. Bilane køyrer tjue prosent kortare. Grunnlaget for denne og andre suksesshistorier var lagt for tiår sidan då politikarar og eigarar ville ha eit fagmiljø med ansvar for heile næringskjeda. Dette kan vi òg få til i vårt fylke.

Årim som selskap vil vere framtidsretta, innovativt og jagande etter stadig betre løysingar for eigarane, men først og fremst for kundane og miljøet. Vi er klare på at samhandling og samarbeid mellom fleire aktørar i bransjen er vegen å gå.

Vi vil vere i førarsetet i denne utviklinga. Det er vi sikre på at både storsamfunnet, kundar og eigarar tener på.