FAU Sandsøy oppvekstsenter og foreldregruppa Sandsøy barnehage:

"Vi forventar at administrasjon og politisk leiing i kommunen gir oss konkrete svar på det vi spør om"

Konkrete spørsmål til oppvekstsjef, administrasjon og politikarar.

Sandsøy oppvekstsenter: Foreldre og elevar kjem med fleire spørsmål rundt struktursaka. 

Fritt Ord

Vi som er foreldre til barn og ungdom ved Sandsøy oppvekstsenter har ved fleire høve forsøkt å få svar på spørsmål i forbindelse med denne saka. Vi føler at vi ikkje har blitt høyrde, og påstandar om at våre bekymringar er oppkonstruerte, er vi ikkje einige i.

No stiller vi dei ein gong til, ilag med foreldra til borna i barnehagen, som også er svært interessert i korleis kommunen tenkjer å tryggje borna og gje dei ein god kvardag. Vi forventar at administrasjon og politisk leiing i kommunen gir oss konkrete svar på det vi spør om no i første omgang.

1. Korleis kan ein definere at ein kvardag med reiser tidleg og seint og lite tid til å få vere i heimen er ein god kvardag for born frå dei er 6 eller i verste fall 5 ½ år gamle?

2. Kven skal vere reiseverge for barna på ei evt ferjereise/båtreise? Og, nei, ferjemannskap er ikkje eit godt nok svar.

3. Dersom barna skader seg, vert akutt sjuke, og har behov for foreldra så raskt som mogleg, korleis tenker seg at ein slik situasjon skal gå føre seg?

4. Kva vil vere alternativet ved for dårleg ver, der barna ikkje vil reise, eller vi foreldre finn dette å vere uansvarleg?

5. Korleis tenker de å løyse det dersom barna kjem for seint og ikkje rekk ferja?

6. Kor lang ventetid kan borna og ungdommane verte pålagde før dei får kome heim?

7. Vi registrerer at de antar at Kvamsøy er alternativet som vil verte brukt. Dersom det ikkje er tilfellet og vi heller vil nytte Gursken, korleis ser de føre dykk reisetid, ferjeruter, følgje etc då? Vi forstår at det å flytte ferjeruter er rimeleg lettvint, plutseleg.

8. Kvar kan vi finne den lovpålagde konsekvensutgreiinga?

9. Kva skal skje med barnehagen og borna der?

10. Skal vi få tilbod om å nytte Vanylven? Sidan Gjerdsvika har fått tilbod om å nytte Herøy?

11. Når vil oppvekstsjefen møte oss foreldra og borna våre?

Ber om svar omgåande!

Sandshamn 27. april 2020

FAU Sandsøy oppvekstsenter - foreldregruppe Sandsøy barnehage

Kjerstin Sande, Anja Halsebakk, May Britt Mork, Marcel Bolzli, Brit Synnøve Våge, Bozena Aukstuleviciene, Leonard Rukovic