Elevar ved Sandsøy barne- og ungdomsskule:

Kjære politikarar

Vi synest det er forferdeleg trist at vi føler oss nøydde til å skrive dette brevet. Men vi MÅ ytre meininga vår i denne saka. Vi ville helst ha levd liva våra utan bekymring og redsle for kva som kan skje med den flotte skulen vi har her på Sandsøya.

Sandsøy oppvekstsenter: Foreldre og elevar kjem med fleire spørsmål rundt struktursaka. 

Fritt Ord

Det tek veldig på den psykiske helsa vår å gå rundt og tenke på at «snart skjer det». Vi vil IKKJE tolerere og ikkje få sagt meininga vår eitt einaste sekund til. Vi vil gjere alt vi kan for at skulen vår ikkje skal verte nedlagd.

Vi starta skulegongen vår med rundt 30-40 elevar på skulen. Vi fekk heilt nye opplevingar på ein skule der læringskurva var svært god. Konkurranseinnstinktet kom naturlegvis, der vi blant anna konkurrerte om å lese ein tekst i leseboka kjappast. Åra gjekk, med ekstremt dyktige og snille lærarar som lærte oss alt mellom himmel og jord. I det læringsfulle, mobbefrie og respektfulle miljøet vi har og har hatt her på skulen, har læring vore ein leik.

Vi gler oss til å fare på skulen kvar einaste dag, for vi veit kva som ventar oss. Lærarar i gangen som ynskjer oss ein god morgon, elevar som sit i sofaen og småpratar, og andre som er på klasseromet og prøvar og hugse kva time vi skal starte dagen med. Kvar morgon kan ein forvente latter, tullprat og smil frå øyre til øyre, men samtidig produktiv jobbing og undervisning med meining. Vi dreg frå skulen klokka to kvar dag med eit stort smil om munnen.

Dei gode minna som vi har fått gjennom heile skulegongen vår, vil vi gjerne at borna som kjem etter oss også skal få oppleve. Den tryggheita vi føler er heilt unik. Samhaldet er ikkje mogleg å beskrive. Det må ein nesten oppleve sjølv. Vi tek vare på kvarandre, og sørgjer for at alle skal ha ein så bra dag som mogleg. Vi har det alltid kjekt saman, og kosar oss gløgg i hel i kvarandre sitt selskap.

Det går rett og slett IKKJE an å legge ned skulen. Då ryk etterkvart butikken, Sandefisk…

Sandefisk har óg akkurat annonsert ei ny storsatsning som det sikkert hadde vore dårleg for kommunen å gå glipp av. Fleire kjem til å flytte om desse næringsdrivarane ikkje finst lenger. Ikkje berre frå Sandsøya og Voksa, men også frå Sande kommune. Det er realitet, og det håpar vi at dykk skjønar.

Det er heilt spesielt å bu på ei lita øy. Det går ikkje an for andre å forstå. Vi får høyre om folk frå fastlandet som snakkar stygt om oss frå øyane. Vi føler at vi blir sett ned på og at vi ikkje blir verdsett. Det tolererer vi ikkje. Vi skjønar ikkje kvifor dei har så mykje imot oss. Vi veit at det er vi frå øyane som blir nedprioriterte av kommuna, så kanskje det skulle ha vore oss som sa stygge kommentarar til og om dei?

Nei. Det er ikkje slik vi er. Vi bryr oss lite om kva andre synst om oss. Vi bryr oss om kvarandre og har eit fokus om at denne dagen skal bli betre enn den forrige. Vi stiller opp for kvarandre uansett kva ein måtte trenge hjelp til. På den måten har vi klart å skape eit miljø som vi sjølve meiner har vore med på å gjere oss til betre personar. Vi elskar øya og skulen vår så ubeskriveleg mykje, og det siste vi vil er å sjå at begge deler går tapt. Det svir langt inn i sjela berre ved tanken på det. Det betyr så mykje for oss at andre «utanfor» også skal sjå det vi ser. Ei nydeleg øy med natur som tek pusten frå deg, innbyggjarar med hjarte av gull, eit dyrerike ikkje mange nokon gong får moglegheita til å oppleve, utsikt som nesten er for god til å vere sann, og ikkje minst eit enormt stort potensiale for framtida. Lat oss berre ta Rosenlund Hamn og Coop Marked Sandsøy som eksempel. Rosenlund har vore gjennom ei heiloppgradering den siste tida, og er ein stad alle besøkjande reiser nøgd ifrå. Dei har også byrja med «ungdomskveldar» der vi yngre kan møtast på kvelden og ha det kjekt saman.

Coop har nettopp vorte utvida, til glede for heile øyfolket. Vi spratt av glede då vi fekk høyre om satsinga, og er so takknemmelege for at Coop Nordvest såg potensialet vårt. Vi er til einkvar tid på utkikk etter eventyrlystne folk som er villige til å ta seg ut på reisa vidare saman med oss.

Sandsøya og Voksa er stadar vi gjerne vil kome tilbake til etter utdanninga vår, men då er vi heilt nøydde til å få hjelp «utanfrå» også. Med eit altfor dårleg ferje- og busstilbod er det vanskeleg for pendlarar å busetje seg hos oss. Derfor er det nøydsomt å skape fleire arbeidsplassar her ute. Det går ikkje ein dag utan at vi ser ei tomt som er heilt fri for bygg. Vi tenkjer oss ofte om kvifor det er så utallige mange frie tomter her ute, der nye arbeidsplassar og bustadar kan realiserast. Vi tenkjer og tenkjer, men kjem aldri opp med eit svar på kvifor. Tomtene må utvilsomt gjerast noko med. Ein av dei største grunnane til at folketalet har gått nedover dei siste åra er nettopp på grunn av den store mangelen på plassar å bu. Noko som også er med på denne negative utviklinga er den konstante truginga med skulenedlegging. Vi forstår godt dei som er redde for å flytte ut hit med tanke på dette.

Vi har ikkje eit tal på kor mange gongar vi har høyrt at nokon så gjerne skulle ha flytta til Sandsøya eller Voksa, men som ikkje har kunne realisert den tanken grunna jobb, pendling og hus. Det einaste vi veit, er at det talet er stort. Når heller ikkje alle dei gode spørsmåla som treng utfyllande og konkrete svar aldri blir besvart, vert det sjølvsagt lagt eit grunnlag for endå fleire negative tankar. I tillegg må svara vere gjennomførbare. Vi skjønar ikkje logikken i å halde på ein slik måte der det ikkje i det heile teke ser ut som at kommunen bryr seg om å gjere noko. Vi har måtte stått i dette heilt sjølve, og prøvd å fremja alt det gode som finst her ute. Men alltid, på ein eller annan måte, blir vi skubba tilbake av anten ein uttalelse eller ei handling frå kommuna si side. Sande Kommune kjem ikkje til å vere ein attraktiv stad for oss å busetje oss om Sandsøya og Voksa ikkje består.

Vi på skulen har skrive tekst til ein melodi som handlar om heimplassen vår, og kor fint vi har det her. Vi har spelt inn songen, og har også vorte ferdige med å lage musikkvideoen. Den har vi lagt ut på YouTube med håp om at fleire skal forelske seg, som vi sjølve er, i øyane våre. Ein av dei finaste delane i songen går slik:

«Alle driv å snakka om å legge ned

Lat no skulen vår få vere heilt i fred

Her har vi det godt, og her ute vil vi bli

Vis oss den respekten, gi oss meir tid»

Vi veit at elevtalet vårt og kommunen sitt budsjett ikkje er optimalt, men versåsnill, ikkje lat kutta gå utover oss. Songen vår oppsummerar ganske greitt kva vi tenkjer. Gi oss meir tid.

Lat oss få moglegheita til å lage Sandsøya og Voksa slik dei er meint til å vere. Men det kjemtil å ta tid. Då er vi avhengige av tolmod og eit samarbeid der vi blir høyrde. Vi valde å skrive dette brevet fordi borna og ungdommen har fått altfor lita moglegheit til å få seie meininga si. Vi er leide av at alt skal føregå i det skjulte. Vi synest at kjenslene våre om denne saka har vorte heilt gløymde. Vi vil vere med å påverke denne saka som kan gå utover framtida vår.

Vi har spurt 1. klassingen vår om kva han synest om denne saka. Han sa klart og tydeleg i frå om at han trivst på skulen – favorittplassen hans på heile øya. På ein skala frå 1 til 10 om kor godt han likar skulen, gav han ein soleklar 10-ar. Vi spurte også om Sandsøya frå 1 til 10, og svaret vi fekk var 100. Han gav klar beskjed om at skulen må få vere i fred.

Dette er eit eksempel på at «barnets beste» ikkje har kome fram. Vi meiner at det å spørje ungdomsrådet om synspunktet dei har på denne saka, ikkje er tilstrekkeleg nok.

Som sagt, så har vi så lyst til at andre skal få ein like bra oppvekst som den vi har hatt.

Sandsøya og Voksa er plassar der ein kan få vere den ein vil. Vi ligg midt ute i havgapet, vekk frå alt kjas og mas, men samtidig ikkje for langt vekke for å ta oss tid til å få unnagjort nokre ærend på fastlandet. Kjærleiken vi har for heimplassen vår kan eigentleg ikkje beskrivast, og vi gler oss til å vidareføre den kjærleiken til tilflyttande.

Vi forventar at det vi har skrive blir teke på alvor. Vi vil ikkje nøle med å skrive meir om vi føler at det behøvast. Ver våre allierte i denne kampen – realiser draumen vår!

Viss ikkje, blir vi nøydde til å sjå andre vegar der vi blir respekterte.

Helsing

Elevar ved Sandsøy barne- og ungdomsskule