- Her er ordføraren

Ser at Ole Sande etterlyser ordføraren i Sande i tysdags-utgåva av Vestlandsnytt. Sjølv om eg formelt sett har ferie denne veka, så er det klart at ein slik sjanse til å kome på trykk i lokalavisa kan eg ikkje la gå ifrå meg…
Fritt Ord

For meg som ordførar i Sande, så har kontakta med næringslivet vore eit prioritert fokus-område frå dag 1; og saman med kommunedirektøren så har vi sett i gang ei runde der vi møter næringslivet i kommunen og set oss inn i utfordringane til dei ulike aktørane. Dessverre så har naturleg nok den pågåande korona-krisa sett sterke restriksjonar på slik oppsøkjande verksemd framover – men vi håper å snart vere i gang att med runda vår!

Vi har allereie vore på besøk på bedrifter i Gjerdsvika og i Haugsbygda – og har også arbeidd med å etablere kontakter for bedrifter i Sande både inn mot Innovasjon Noreg og andre næringslivs-aktørar.

Når det gjeld Sandsøya, så var underteikna som kjent til stades på opninga av nye Coop Sandsøy, og i samband med dette var vi også på bedriftsbesøk hos Sandsøy Servicebåt. Vi har også med interesse følgt med i satsinga gjennom SViut-prosjektet, og kommunen gjekk i sak 92/19 inn for å løyve kr 120 000 til dette prosjektet. Underteikna og formannskaps-medlem Arnljot Muren møtte også på ope folkemøte på Fiskarheimen for å orientere oss nærmare om satsinga. Formannskapet har også vidaresendt søknad frå Voksa Kultursenters Venner til fylkeskommunen om støtte til eit kulturbygg knytt til det gamle skulehuset på Voksa.

I tillegg har også kommunen hatt fleire møter med Roger Halsebakk for å orientere oss om dei spennande planane hans for ei reiselivssatsing på Sandsøya, og vi har no til behandling saka om reguleringsplan for eit større hytteområde på Skare. Kommunen har også klart signalisert at Sandsøya er eit prioritert område for oss i den reiselivssatsinga som er på gang i samarbeid med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre.

Når det så gjeld skulesaka, så har sjølvsagt denne vore oppe som tema i alle dei samtalane vi har hatt med ulike næringsaktørar og privatpersonar på Sandsøya. I heile den politiske prosessen (som går fleire år tilbake), har dialogen med næringslivet vore avgjerande for at ein har halde på ein desentralisert skulestruktur – trass stadig nedgang i barnetalet. Stadige planer om tiltak for å få folketalet og elevtalet opp, har ikkje vist seg å gje tenkt gevinst.

Frå hausten av vil det etter framskrivinga bli att 7 elevar ved Sandsøy skule, fem av desse i ungdomsskulen (8. – 10. klasse), to elevar i barneskulen (1. – 7. klasse), ein av dei i småskulen (1. – 4. klasse). Det er realitetane vi må forhalde oss til som kommune!

I tillegg viser UngData-undersøkinga at ungdomen i Sande generelt etterspør større miljø både i skulekvardagen og på fritida. Dette er også ein faktor vi må ta omsyn til.

Kommuneøkonomi er viktig for heile kommunen, og når vi samanliknar oss med nabo-kommunane våre, så ser vi at alle kommunane på Søre Sunnmøre har gjennomført større grep i skulestrukturen sin dei siste åra. Sande har ikkje gjort noko sidan vi la ned Skredestranda på 1980-talet. Dersom vi skulle gå inn i ei ny storkommune, så vil skule-struktur vere det aller første ein set i gang prosessar for å sjå innsparingspotensialet i. Slik kommuneøkonomien er i dag, så brukar vi vesentleg meir på skule enn nabokommunane, og kutt på dette området går utover kvaliteten i undervisinga for alle elevane i Sande.

Vi veit at kommunikasjonane er krevjande, og det er nok også ein av dei viktigaste grunnane til at skulestrukturen i Sande har vore slik den er i så lang tid. Arbeidet med Sande fastlands-samband har vore ei prioritert oppgåve for kommunen gjennom skiftande politisk fleirtal, og eit samla politisk miljø vil framleis stå på for å få sambandet realisert. Det er viktig for kommunen å sikre alle elevane trygg skuleveg, og vi arbeider no tett opp mot fylkeskommunen for å finne gode løysingar dersom nedleggingsforslaget vert vedteke.

Så alt i alt: Vi har ikkje gløymt Sandsøya – og vil framleis arbeide for at det både skal gå an å bu og arbeide på Sandsøya og Voksa også i framtida!

Olav Myklebust, ordførar i Sande