Kjetil Haanes om skulestrukturen i Sande:

Eg forstår så godt frustrasjonen på Sandsøya

Inlegg av Kjetil Haanes

Sands­øy sku­le: Illustrasjon 

Fritt Ord

Forkjemparane for Sandsøya og Voksa føler seg no svikta av alle etter at det ser ut til at skulen vert nedlagt frå hausten av, og elevane vert flytta til Kvamsøya.

Eg bur i Gjerdsvika, og eg må seie at eg forstår veldig godt frustrasjonen dei no opplever. Bygdefolket på Sandsøya og Voksa har kjempa i motvind i fleire år, med fråflytting og sviktande barnetal, og dei som no heilhjarta prøver å snu utviklinga hadde slett ikkje behov for ein slik takk for innsatsen frå resten av kommunen.

Eg kjenner nokre av desse eldsjelene, og eg veit at dei no er langt nede. Difor skal dei i alle fall få litt støtte frå meg.

Faktisk har eg ein periode sjølv vore lærar på Sandsøya, då det var mange elevar på skulen. Slik er det dessverre ikkje lenger. Og det er klart at utan barn er det vanskeleg å drive skule, men utan skule er det også vanskeleg å få nye til å busetje seg på kringflødde holmar. Dette er det store dillemmaet som politikarane no må ta stilling til.

At kommunaldirektøren foreslår nedlegging er heilt som forventa, og ingen bør verte overraska, ei heller kritisere det. Her har han berre gjort jobben sin i ein Robek-utsett kommune.

Ut frå eit økonomisk perspektiv er det sjølvsagt også forlokkande å sjå for seg ei framtid med berre ein skule i heile Sande. Og så vert det opp til politikarane å avgjere om dette faktisk er praktisk muleg og økonomisk og pedagogisk forsvarleg, og i tillegg er ei god løysing for vekst og utvikling av heile kommunen.

Men i utgangspunktet høyrest dette ut som ei veldig dyr løysing, samanlikna med å betre utnytte dei skulebygningane som faktisk er i kommunen, men då må på meir fleksible måtar enn i dag.

Sande er ein liten og sårbar kommune, og der enkelte bygdsamfunn er meir sårbare enn andre. Det har også vore ein lang periode der det har vore fråflytting frå slike utkantkommunar som Sande. Men dette går gjerne i syklusar, og det undrar meg at ikkje politikarane no er meir kreative og kjem opp med løysingar som i større grad kan bidra til bulyst og fornya optimisme i alle deler av kommunen, sjølv om det finst gode døme på at skulenedleggingar kopla mot andre gode vekstiltak slett ikkje alltid er negative.

Saka er at vi fort vil sjå ei heilt ny verd etter koronakrisa, og det er slett ikkje sikkert at det er kommunar som Sande som vil kome dårlegast ut. I alle fall burde det vere muleg i langt større grad enn i dag å marknadsføre Sande som ein god og trygg kommune å bu i. Det bør vere målet som alle bør samle seg om.

Men i ein slik situasjon å bestemme seg for å definitivt leggje ned både Sandsøya skule og Gjerdsvika skule, framstår for meg som eit veldig defensivt trekk. Den siste skulen er også ein 1 til 4 skule i tett samspel med barnehagen, slik det bør vere i små bygder, og ein skule som har vore enormt viktig for bygda. No er det mange som fryktar at barnehagen er det neste som ryk, og den frykta skal ein ta på alvor.

Men i staden for å velje den tradisjonelle modellen med å leggje ned det som i dag er to av dei minste skulane – kvifor ikkje sjå på alternative og ikkje så drastiske løysingar, som i tillegg skaper mindre splid? Berre eit døme; kvifor ikkje sjå små-

skulen i Gjerdsvika og Gursken under eitt, og sørge for at det er skuletilbod i begge bygder – og der ein gjerne kan ha ulike løysingar år for år, alt etter kva som er best økonomisk, pedagogisk og praktisk? Liknande modellar har vorte prøvd før, med suksess, og dette er slett ikkje vanskeleg å organisere. Som kjent er det ingen skilnad på å sende ti elevar eine vegen og å sende ti eller femten elevar andre vegen.

Og å vedta å leggje ned Gjerdsvika skule midt under koronakrisa, truleg med krav om meir avstand mellom elevane også frå hausten av, virkar i beste fall underleg. Eg er klar over at prosessen har pågått lenge, men uansett er situasjonen slik at eit nedleggingsvedtak i Sande vil skje samstundes som at det i andre kommunar vert diskutert korleis ein skal få spreidd elevane meir, inkludert å skilje barneskule- og ungdomsskuleelevar.

Og kvifor ikkje sjå for seg samarbeidsmodellar for Kvamsøya og Sandsøya/Voksa? Som kjent er det også her like langt begge vegar, men no vert det fort splid og dårleg grunnlag for samarbeid framover når folket på ei øy framstår som dei store vinnarane og dei andre som like store taparar, og der det ser ut til at enkelte av vinnarane ikkje synest å ha særleg forståing lenger for argument frå taparane som begge partar med tyngde har brukt tidlegare.

Det er ikkje slik ein byggjer ein heil kommune.

Og i det minste; i staden for å leggje ned og selje skulebygningar ein likevel ikkje får betalt for, kvifor ikkje setje ei grense for når det skal vere småskule i desse fem bygdene i Sande, slik at folket på Sandsøya/Voksa veit at slaget ikkje er fullstendig tapt, men at dei kan lukkast dersom dei samstundes lukkast å få fleire barnefamiliar til å busetje seg der? Det kunne ha vore ei skikkeleg inspirasjonskjelde.

Å klare å lokke ungdom og barnefamiliar i 2020 med at borna skal gå på skule på ei anna øy utan vegtilnytning imellom øyane, er nok berre å gløyme. Det er dette som gjer denne saka så alvorleg, og grunnen til at eg så inderleg godt forstår frustrasjonen og den kjensla av å vere svikta som folket på Sandsøya og Voksa no føler. Difor litt støtte frå meg, det same med dei som iherdig kjempar for Gjerdvik-skulen.

Så difor også denne oppmodinga frå sidelinja til politikarane om å tenke utradisjonelt og kreativt og kome opp med løysingar som fører til optimisme og framtidstru i alle bygder, i alle fall fram til ein kjem opp med meir berekraftige og framtidsretta løysingar enn det som dagens løysingsforslag framstår som. I små kommunar som Sande har ein ikkje råd til å la vere å tenke kreativt. Og i slike samfunn må ein for all del unngå indre splid ved å lage taparar og vinnarar. Det er destruktivt. Men det fine er at det alltid er muleg å få til gode løysingar – for alle – om mange nok faktisk vil.