Øystein Storeide: – No må kvinnfolka vere om seg

Øystein Storeide minner om at det er skotår i år.

Øystein Storeide  Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

– Denne dagen, 29. februar, har tradisjonelt vore kvinnene si store moglegheit. Då kan dei nemleg fri. Eg oppmodar unge, vakre norske kvinner til å nytte høvet denne dagen, og helst fri til ein gardsgut, seier Storeide.

– Er du ein av dei som ventar?

– Nei, eg har noko på gang no. Meir kan eg ikkje seie om det. Men det sit mange einsame og kjekke gardsgutar rundt omkring, som treng selskap og hjelp, seier fiskåbygdaren.