Tankar om psykisk helsevern

Fritt Ord

Det er veldig viktig å spørje om hjelp, men mange gjer dessverre ikkje det. Difor er det viktig at omgjevnadane fangar opp signal, gir støtte og bidreg til at personar som slit får hjelp. Dette vil krevje god tilgjengelegheit. Medmenneskeligheit scorar høgare på overleving enn medisinar gjer.

For litt sidan såg eg gravferda til Ari Behn. Der var det mellom anna ei svært rørande tale frå hans dotter, Maud Angelika. Berre 16 år og i sorg. Der poengterte at ein må spørje om hjelp. Ved å spørje om hjelp, kan ein få avdekke om det kanskje er behov for fysisk hjelp også, ikkje berre samtale. Mange kunne ha vore redda viss ein i staden for å vente i lang tid på time, hadde teke raskt inn til ein avklarande samtale og deretter funne vegen vidare etter behovet til kvar einskild.

Då eg var aktiv i Mental helse, jobba eg med at psykisk og somatisk liding skal ha lik prioritet. Psykisk liding er kompleks og konkret. Helsevesenet burde difor fungere mist like godt for dei som er psykisk sjuke som for dei som er fysisk sjuke. Det er langt ifrå slik det er i dag. Førebygging handlar mellom anna om å få hjelp med ein gong, og ein bør også ta med dei nærmaste inn i behandlingsforløpet. Pårørande må få innsyn i korleis pasienten vert teke imot av systemet.

Det å vere medmenneskeleg for kvarandre er det nærmaste vi har – bruk dette. Alle har ei levd historie. Men ein må då samtidig stille spørsmålet: Kva med dei som ikkje har slike personar kring seg? Svaret mange gir i dag er at ein har mobil og sosiale media. Men dette er etter mitt syn ikkje det same som å ha ein møteplass der ein kan treffast og kanskje ha ein god venn.

Etter att kommunane fekk ført tilbake sine pasientar frå institusjonar, så vart det skaffa bustadar og eit senter (møteplass i kvardagen). Men i mange kommunar fungerer ikkje sentera så bra, med det resultat at mange føler seg utrygge. Etter mitt syn, burde leiar for eit slikt dagsenter fungere meir som ein aktivitør. Oppstår det noko mellom brukarane på sentera, som dømevis dårleg oppførsel mot andre brukarar, burde det vere eit heilt klart leiaransvar å skjerme andre som nyttar tilbodet. Kanskje kan dette gjerast med å ha faste dagar for visse brukarar?

Eg føler at dei tilsette i psykiatrien har eit godt nettverk kring seg, medan mange pasientar som får behandling ikkje har nokon rundt seg etter besøket hos terapeuten. Ein kan av og til lure på om heile det psykiske helsevesen er psykisk sjuk? Som ikkje klarer å fange opp? Det er kanskje på tide at mange som jobbar i systemet, som for det meste har teoretisk bakgrunn (ikkje alle), bør få hjelp eller kanskje rådføre seg med nokon som har gått livets skule?

Så har vi noko som heiter angst. Det er også ein vond fiende. Indre mørke tankar kjem snikande, og dei kan tære opp kroppen. Døme på dette kan vere å ikkje ville stå opp, ikkje makte å ete eller i mange tilfelle få sosialangst.

Politikarane og administrasjonen i kommunane bør sette meir fokus på miljø og haldningar, ikkje berre tenke lover og reglar.

«Kronisk smerte er ikkje gratis – det kostar masse energi».