Marit Pauline Kvalsvik:

Kvalsundskipet – heim til Herøy?

Utgraving: Fra utgravinga av Kvalsundskipet på Nerlandsøy i Herøy, Møre og Romsdal i 1920.  Foto: Stiftinga Sunnmøre Museum

Fritt Ord

Det var interessant å lese om fagfolka som har granska trevyrket frå skipet på nytt, og kome fram til at Kvalsundskipet var frå år 780-800. Den nye tidfestinga gjer at fagfolka no kan seie at Kvalsundskipet tilhøyrer vikingtida. Før har ein trudd at skipet har tilhøyrt ei anna tidsperiode.

I skrivne kjelder – og i Vestlandsnytt sin artikkel fredag – står det at det var Johannes J. Kvalsund som gjorde det første funnet i ei myr, og som under utgraving viste seg å vere restar av ein båt og eit skip. Men etter munnleg tradisjon/informasjon frå folk som budde på/ættar frå bruk nr. 4 på Kvalsund, er dette ikkje rett. Det var eit av barna til Johannes: Olga Kvalsund («Plass-Olga») som fann dei første restane då ho og broren, Ragnvald Kvalsund, dreiv med torvspading i ei myr. Far deira – Johannes – var ikkje heime då funnet vart gjort, og ein annan bror; Jakob, var på sjøen. Men som grunneigar var det Johannes J. Kvalsund som kontakta Bergen Museum. Han var også kontaktperson då fagfolka gjorde utgravinga. Truleg var det sedvane på den tida at dei ansvarlege ved Bergen Museum gav grunneigarane æra for slike historiske funn.

Namna på den rette finnaren har eg fått frå Roger Sindre Kvalsund, som fekk opplysningane frå Birger Kvalsund (f. 1929) under ei bygdevandring i 1997. Birger var soneson til grunneigar Johannes. Andre i finnarslekta har også visst dette og fortalt det til sine etterkomarar. Det er takka vere at eg fekk sjå ei flott sogebok, som Rune Kvalsund, Roger Sindre Kvalsund, Svein Kvalsund og Karstein Sund har laga om/for sin familie, at eg fekk kjennskap til dette.

Det var restane av eit stort skip og ein mindre båt som vart funne i myra på Kvalsund i 1920. Begge vart det laga kopiar av, truleg takka vere sponsormidlar. Den første kopien vart ferdig i 1973, og den andre i 1975. Begge vart bygde av Sigurd Bjørkedal (kjelde: Rabben: «Bygdesoga 2»). Den minste båten var i fleire år på Herøy Gard/Herøy Kystmuseum. Kva som var årsaka til at han vart flytta (mellombels?) til Sunnmøre Museum, veit eg ikkje.

Kopiane av Kvalsundskipet og Kvalsundbåten er laga og betalte, og bør brukast maksimalt. Når ein i Herøy har funne noko så unikt som eit stort skip og ein mindre båt frå vikingtida, bør vi kunne nytte oss av det i reiselivssamanheng! I år er det 100 år sidan funnet vart gjort. Eg skulle ønskje at Herøy kystmuseum, Sunnmøre museum og Herøy kystlag, - og ein bank, kommunen og reiselivsaktørar - kunne ordne det slik at Kvalsundbåten (eller Kval-

sundskipet) vart mellombels stasjonert i Fosnavåg i sommar! Det å kunne få sjå eit slikt smykke av ein båt/skip på Vågen, trur eg vil falle i smak hos både herøyværingar og turistar.