FAU ved Sandsøy Oppvekstsenter:

"Merknad frå Sandsøy oppvekstsenter"

Innlegg av FAU ved Sandsøy Oppvekstsenter.
Fritt Ord

FAU ved Sandsøy oppvekstsenter har merka seg framlegget til budsjett for 2020 der rådmannen har lagt inn store nedskjeringar på skule, der hovud-

innsparinga gjeld ei strukturendring tilsvarande nedlegging av skulane på Sandsøya og Gjerdsvika frå neste skuleår.

Å legge inn ei «budsjettert skulenedlegging» er i fylgje våre opplysingar ikkje i tråd med lovverket. Vi har tidlegare vore i kontakt med LUFS - Landslaget for nærmiljøskulen, og dei tilkjennegir at kommunestyret ikkje har grunnlag til å kunne legge ned ein skule no, verken i eige planverk eller i høve til nasjonalt regelverk.

Foreldrearbeidsutvalet meiner generelt at det er heilt uforsvarleg å kutte så omfattande på skulesektoren åleine, i høve til andre tenesteområde i kommunen.

Vi vil minne om andre nedskjeringar der vår skule har spart. Vi har fått opplyst frå einingsleiar Ragnhild Våge Støyle at det er allereie spart inn (grovt rekna) kr 1.376.000,- siste tre åra på å ha felles rektor på Sandsøy og Kvamsøy oppvekstsenter. Dette er ganske mykje pengar for ei lita eining, og for ein liten kommune.

Eit samla FAU ved Sandsøy skule ynskjer at skulen held fram som eiga eining, sjølv om det per dato er ei lita eining. Her er for tida så mykje positivt som skjer i næringslivet, at det å oppretthalde skulen vidare er eit krav vi stiller oss bak. Ei nedlegging av skulen komande år er på mange vis likt med å kaste korta for Sandsøya og Voksa for framtida. Det i seg sjølv reknar vi som ei fallitterklæring for Sande som kommune.

Sandshamn, 03.12.2019

FAU ved Sandsøy Oppvekstsenter

Kjerstin Rebekka Sande, May-Britt Mork, Brit Synnøve Våge