Lesarinnlegg av Alv Ottar Folkestad:

"Fuglefjellet på Runde kontra Havsul 1"

Kvar er heilskapsforståinga for kystnaturen ved vindkraftutbygging «i fjøresteinane»?

Heldt ap­pell: Or­ni­to­log Alv Ottar Fol­ke­stad  Foto: Josefine Spiro

Fritt Ord

Skjebnens ironi – eller er det bevisst misbruk av natursymbol – gir ein ny trussel mot fuglefjellet på Runde. Konsesjon til «Havsul I» dekker eit 100 km2 stort område vest av Ona, midt i viktigaste del av matfatet for Rundefuglane, og utan at verknaden for kystnaturen har vore realitetsvurdert. Ordspelet Havsul – henta frå ein av få sjøfuglartar som har vore på offensiven i seinare år – kan bli siste spikaren i kista for eit natur-ikon som har gitt menneske opplevingar langt utanom det vanlege, høve til å forstå samanhengar som kystfolket har visst om i generasjonar: Utan tilgang til mat frå havet ingen eksistens for liv på land.

Fråver av heilskapsvurdering gav eit konsesjonsvedtak som vil kunne setje bom for framtida for fuglefjellet på Runde og den rike kystnaturen i desse områda. Eit fuglefjell kan ikkje eksistere åleine som imponerande stup mot storhavet. Fuglane her høyrer med til dei mest mobile aktørane til å nytte næringsgrunnlag gjennom ynglesesongen, der avstandar på 50-100 km er dagleg arbeidsveg. Nokre artar kan gå 400 km eller meir for mat til seg og sine. Fleire gonger for dag hentar lundeparet mat der maten til ei kvar tid er, raskast mogleg flyging til matkonsentrasjonar, der aktivitet av annan fugl ber bod om føde. Matsøk inne i eller på andre sida av eit vindkraftverk betyr kontinuerleg dødsfare for lunde, havsule eller annan sjøfugl når fokuset er på mat der maten er. Det er lite interessant kor høgt eller kor ofte fuglane er på vengene resten av året.

Skildringar av kystnaturen på Sunnmøre frå 1700-talet til i dag, nemner fuglefjellet på Runde som eit naturfenomen utanom det vanlege. Frå prestane Reutz og Strøm til dagens turistbrosjyrer kjenner vi att fuglefjellet sin innbyggarar, med lunde som gjennomgåande symbolart og krykkja som nesten likeverdig siste 200 år. I ny tid har havsula segla opp som assisterande, ikkje i tal, men ved å syne att i fjellet. Stupa mot havet i kombinasjon med kyst- og havstraumar, alge- og åteblomstring og yngleområde for viktige fiskeslag, demonstrer samanhengane mellom alt levande og konsentrerer heilskapen slik at mennesket må la seg imponere – og forstå – at alt heng saman med alt. Vi får demonstrert årsrytmene i kystnaturen gjennom møtet mellom kystvatn og havvatn, der livet vaknar i bryting mellom vinter og vår, innsig av gytefisk og at sjøfugl får mat til rett tid. Føda kjem frå sør og sørvest tidleg på året, flyttar seg nordover vår og sommar, i lang tid eit rikeleg matfat på grunnene i havkanten mellom Breisunddjupet og Saltsteinsleia/Hustadvika høgsommars og seinsommar. Dette har alltid vore rytmen, varierande frå år til år, men alltid har nordområda vore sentrale for vellukka resultat på Runde. Frå 1950-talet påvist ved merking av tusenvis sjøfugl på Runde, i elektronikkens tidsalder synleggjort i grafar og illustrasjonar, heile tida eit eintydig bilde av korleis heilskapen i fungerer.

Fuglefjellet på Runde vart freda i 1957 etter initiativ frå folket på Runde og argumentet at «våre etterkomarar skal få oppleve eit fuglefjell som har utvikla seg utan negativ påverknad frå folk». Eit symbolsk intiativ teke lenge før miljøverntanken var allmenn. Dette må ikkje bli torpedert av ein vindkraftkonsesjon gjeven utan omsyn til ein heilskap, i dag i strid med naturmangfaldlova sin § 49. Vidareføring av konsesjon til Havsul I må ikkje verte slutten for fuglefjellet på Runde.

Alv Ottar Folkestad