Fem Bergsøy-gutar på fylkessamling

Talentspekka: Nokre av den lovande gjengen på Bergsøy G15/16. Foto: Bil Handball 

Fritt Ord

(Innsendt)

Bergsøy har fått med heile 5 av 25 spelarar på haustens fyrste fylkessamling (NHF region nord) for gutar fødde i 2004.

Arin Nørvåg, Pete Suktamuk, Theo Skorpen Berge, Villak Bjørlykke og Pål Sørdal har fått innkalling til denne samlinga, som går føre seg på Vestnes tysdag 24.09. Samlingane skal motivere og inspirere til å verte meir bevisst på eiga utvikling innan idretten, og danne grunnlag for vidare talentutvikling. Det er absolutt kamp om plassane på bana på samlingane, og dei kjemper mot gode spelarar frå Ørsta, Aksla, Molde, Kristiansund, Elnesvåg, Blindheim, Spjelkavik og Volda.

Samtidig som vi har fått med så mange på fylkessamling, har vi også Villak som deltok på regional landslagssamling, og vi ser med glede at det er mange dyktige spelarar som står fram og viser stor framgang. Arbeidet som vert lagt ned i Bergsøy er godt, og det er disse karane eit bevis på. På framtidige samlingar kan andre bli tekne ut, så her er det moglegheiter om ein står på. Vi ønsker gutane lykke til!