Pergunn Rødseth Gjerdsbakk:

"Kvifor er enkelte sjukdomar meir tabu enn andre?"

Det å vere pårørande til eit kjært menneske med demens er vanskeleg å beskrive. Tankar og følelsar….. Det å ikkje kunne hjelpe, ikkje vite, følelsen av avmakt, at det er tabubelagt. Kva er det som gjer at denne sjukdomen ikkje skal snakkast om?

Pergunn Rødseth Gjerdsbakk  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Takka vere Nasjonalforeninga for folkehelsen og den lokale foreninga for Søre Sunnmøre får mange pårørande i vårt distrikt god hjelp på vegen gjennom pårørandekurs. Her stiller fagleg dyktige tilsette i kommunene opp og bidreg med kunnskap som styrker pårørande i tida som ventar ein.

For 4 år sidan fekk eg beskjed om at nokon som står meg nær hadde fått demens og at livet deira var i ferd med å verte totalt endra. Det var sårt. Eg følte meg liten og motlaus samstundes som eg kjende på at det var viktig å gjere noko, men kva? Eitt par år gjekk og tankar kring korleis eg kan bidra med noko for denne viktige saka, byrja å ta form. Vi lærte på pårørandekurset at musikk er det siste eit menneske med demens mistar i livet, samstundes som det skaper livskvalitet og gir ei evne til å uttrykke seg. Det var det eg måtte få til- ein konsert til støtte for forskning på demens. Vi treng svar, vi treng at ikkje fleire vert råka av denne nådelause sjukdomen men vi veit at det vil ta tid. Forskninga må løftast opp og fram og tabua må vekk.

Fosnavåg konserthus vart bestilt til laurdag 21 september 2019, årets internasjonale alzheimerdag. No er vi der straks, klar til å gå på scena med eit hav av dyktige ja-menneske. Ikkje ein einaste som har vore spurt om å bidra har takka nei. Det er heilt fantastisk og gjer meg både takknemleg og audmjuk.

Dette er ikkje ein heilt vanleg konsert men eit tiltak for å sette fokus på demenssjukdom der alle som bidreg gjer det kostnadsfritt og samtlige inntekter går til forskning på demens. Ein som har bidrege til å gi demens eit ansikt er Øystein Ørjasæter.

Øystein Ørjasæter vart enkemann i september 2014. Øystein si kone fekk diagnosen Alzheimers i 2005, etter tre år med utredninger, så fekk ho leve i ni år saman med sin kjære Øystein.

Ho vart berre 64 år gammal. I 2014 mottok Øystein Demensprisen i Møre og Romsdal. Begrunnelsen for kandidaturet var sterk og klar:

«Øystein har vært åpen og inkluderende, han har vært en ufattelig sterk og dedikert støtte for sin kone, han har gjort en fenomenal omsorgsjobb, og han har bidratt fast med trekkspill og piano både for sin kone og for andre på sjukeheimen. Men det mest betydningsfulle er å bidra til å bevisstgjøre menneskeverdet hos personer med demens. Hans åpenhet og evne til å formidle egne erfaringer bidrar til større bevisstgjøring blant omsorgsarbeidere, pårørende og allmennheten. Øystein Ørjaseter er i stand til å gi personer med demens et ansikt, og minne oss om at de er så mye mer enn det vi bare ser.»

Denne kvelden får vi høyre Øystein si beretning om det å miste nokon av demens i ung alder, omkransa av hjertevarm musikk med betydningsfulle tekstar som eg håper du vil gøyme på og ta med deg inn i framtida. Innlegget til Øystein vil vare ca 15 minutt, midt i konserten.

Vi kan love musikk i fleire sjangrer, frå klassisk til vare popballader, nydelige trompet- tonar, trekkspel, nydeleg korsong, fiolin og mykje meir. Låtene er nok kjende for dei fleste og nokre har ei heilt spesiell betydning både for dei som syng dei og for publikum.

Dei som bidreg musikalsk er:

Bjørn Holum, Sølvi Nerem Berg, Roy Muren, Øyvind Granden Berg, Martine Gjerdsbakk, Vibeke Hauge, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, Eldor Rødseth, Morten Bollerud, Tolv- tetten, Peter Demirov, Nadia Demirova, Bertil Tødenes, Øystein Djupvik, Rune Ertesvåg.

Konferansier: Torill Myren

Fylgjande er viktige sponsorar til konserten:

Sparebanken Møre, Olympic Kulturfond, Ulsmo, Fantastiske Osberget, Rema 1000/Sørlia Mat, Fokus Regnskap, Havila, M Foto og Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Eg vil nytte høvet å takke Nasjonalforeninga for Folkehelsa avd. Søre Sunnmøre for deira innsats med pårørandekurset. Håper vårt bidrag kjem til nytte i vidare forskning.