Arthur Vestnes:

"Usmakleg valpropaganda på Larsnes"

Fritt Ord

Eg hadde faktisk ikkje venta at nokon av mine sambygdingar her på Larsnes (dei kallar seg for Larsnespatriotar) er så store egoistar at dei står for distribuering av slik «valpropaganda» som det går fram av denne «lappen» eg har fått i hende etter kommunevalet. Er det slik framferd som skal skape bulyst i kommunen vår og få fleire til å busette seg her?

Nettsida larsnes.no hadde også ein usmakleg valpropaganda for Larsnes som vi også fekk presentert ved eit skjermklipp i nettavisa til Vestlandsnytt.

Ettersom eg reknar nettsida larsnes.no som eit felles talerøyr for oss som bur i Larsnes-området ber eg om at redaksjonen for nettsida gjer greie for korleis noko slikt kan få kome igjennom og verte presentert «på lufta». Har nettstaden vorte eit talerøyr for berre såkalla «Larsnes-patriotar»?

Arthur Vestnes

Skamfull Larsnesing