Meir lys i Selvågtunnelen

Fritt Ord

Eiksundsambandet har 12 mill. kroner til overs og pengane skal nyttast i nærområdet, les eg. Flott  Når storparten av pengane er nytta, har dei 2,8 mill. kroner igjen.

 Eg vil peike på ein stad  der litt av denne summen bør nyttast: I kvar ende av Selvågtunnellen bør det kome mykje meir lys. 50 – 60 meter innover,  og det er nok.

Og kvifor det?  Alle bilistar har  i dagar med solskin opplevd kor mørkt det vert når ein køyrer inn i ein tunnell. NB!  Slike dagar  køyrer eg alltid  med  berre eitt auge  ope dei siste 100-150 m. Då har eg eit auge med korrekt ‘lys-opning’  i det eg køyrer inn. Det hjelper godt.

På solskinsdagar ser eg ofte at bilen framfor meg bremsar  når han akkurat er komen inn i tunnellen. Vi veit kvifor: det er for mørkt, ser ikkje godt nok.

Difor, Samferdselsutval,  bør det brukast nokre kroner på fleire sterke lys i endane på Selvågtunnellen. Kor mange og kor langt innover, det veit fagfolka. Men eg veit at det vil vere ei god investering: tryggare køyring.