Gode arbeidsvilkår og god omsorg

Fritt Ord

Herøy Arbeidarparti vil samarbeide med fagforeiningane i kommunen for å sikre arbeidstakarane gode arbeidsvilkår og brukarane god omsorg.

Herøy Arbeidarparti (HAP) tok sist veke initiativ til eit møte med tillitsvalde i Fagforbundet og Norsk Sjukepleiarforbund. Bakgrunn for møtet var at Fagforbundet Herøy har sendt ut nokre spørsmål som dei har bedt dei politiske partia og politikarane som stiller til val i Herøy, om å svare på. HAP har sendt inn svara til Fagforbundet, men tenkte likevel at det kunne vere lærerikt å treffe dei tillitsvalde. Spørsmåla gjaldt m.a.:

1. Læreplassar

HAP meiner at vi bør ha 2 læreplassar per 1000 innbyggjar. Vi vil stille krav til bedrifter som gir tenester til kommunen, om å ha tilgjengelege læreplassar. Dersom HAP kjem i posisjon etter valet, vil vi ta opp dette vidare i tett dialog med næringslivet. Ein ser at dersom lærlingar får læreplass i ein annan kommune, så vil mange av dei busette seg der. Det er viktig å styrkje talet på læreplassar i kommunen vår med tanke på framtidig rekruttering. Tilhøva må leggjast til rette for at dei som har ansvaret for lærlingane, skal få høve til å støtte og følgje dei opp best mogleg. Då treng dei meir tid, pluss at den økonomiske kompensasjonen for meirarbeidet må aukast.

2.Betre samarbeidsklima og gjensidig respekt

LO-undersøkingar syner at det er betre samarbeid mellom politikarane og fagforeiningane i arbeidarpartistyrte kommunar enn i Høgre-/FrP-styrte kommunar. HAP vil arbeide for møteplassar og forum for samarbeid med fagforeiningane og leiarane i kommunen. Herøy Arbeidarparti er einige med fagorganisasjonane i at det bør opprettast ein vikarbank i kommunen. Det er ynskjeleg å ha faste vikarar som kjenner arbeidsforholda og brukarane av tenestene. HAP vil arbeide for å etablere eit offentleg senter som tilbyr tverrfaglege vikartenester i regionen. Dette senteret kan gjerne bli etablert i Myrvåg.

3. Korleis skape fleire arbeidsplassar med lokale innkjøpsavtalar, og leggje til rette for det?

HAP har løfta fram ei sak om å få utarbeidd ein lokal innkjøpsstrategi. Det nye regelverket frå 01.01.17 opnar for at lokalt næringsliv i langt større grad enn tidlegare kan vere tilbydarar i høve dei kommunale innkjøpa. Detaljhandelen til Herøy kommune utgjer om lag 80 mill. kr per år. Ein avtale som legg opp til at kommunen kan kjøpe meir lokalt, kan skape arbeidsplassar og ofte raskare leveransar og betre service. Her snakkar vi om å ta samfunnsansvar og styrkje lokalt næringsliv. Kjem vi i posisjon, skal vedtak om ein slik lokal innkjøpsavtale raskt vere på plass.

4. Korleis skape heiltidskultur med heile faste stillingar?

Herøy kommune ligg diverre dårleg an når det gjeld heile, faste stillingar i pleie- og omsorgssektoren.

Fast arbeid og trygg økonomi er grunnleggjande for eit godt liv. HAP har programfesta at vi vil arbeide for heile og faste stillingar. Små stillingar gir lite tryggleik både for dei tilsette og for arbeidsgivar. Å vere nyutdanna og berre få ein låg stillingsbrøk, gir dårlegare livskvalitet og mindre økonomisk tryggleik for den enkelte. Dei som har deltidsstilling, er som regel kvinner i alle aldrar. Små stillingar inneber dessutan låg løn og dårleg pensjonsopptening.

Dei tillitsvalde var tydelege på at i tillegg til heile, faste stillingar, er det viktig å auke grunnbemanninga, og at det er faglært personale i pleie- og omsorgssektoren i kommunen. Fast personell aukar tryggleiken både for personale og brukarane av tenestene. Dersom kommunen satsar på heiltidskultur, blir det lettare å trekkje til seg og behalde kompetent personale. HAP vil samarbeide med fagforeiningane for å sikre arbeidstakarane i kommunen gode arbeidsvilkår, som igjen gir gode tenester til brukarane.

Elles ser politikarane frå Arbeidarpartiet fram til å besøkje både heimetenesta og omsorgssentra etter valet for å få betre kunnskap om tenestene både frå dei tilsette og brukarane. Ja, får vi ordføraren, vil han prioritere hospitering for å sjå, og ikkje minst høyre, korleis kvardagen er for dei tilsette og brukarane. Det er dei som har skoen på, som best veit kor han trykkjer!