Sande Ap: Natur, miljø og kultur

Sande Arbeidarparti vil sikre eit auka fokus på klima og miljø, og legge til rette for eit aktivt kulturtilbod for alle. Vi vil vere avvisande for etablering av vind- mølleparkar i fjellområda til Sande kommune.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Vi skal sikre eit auka fokus på klima og miljø, vere ein pådrivar for å ha god avfallshandtering både for lokale og turistar.

Det er viktig for oss å gi frivillige organisasjonar betre rammer både økonomisk og administrativt. Vi må få på plass kulturmiddel for lag og organisasjonar som har eit særskilt fokus på born og unge sine oppvekstvilkår og sikre betre allmenne kulturtilbod til born og unge i Sande. Vi må i komande periode arbeide for at Larsnes og Sande kyrkje vert utbetra og syte for at Kong Arthur spelet får gode vilkår for å utvikle seg.

Helse og omsorg

Sande Arbeidarparti vil at fellesskapet skal ta vare på oss når vi vert sjuke med veltilpassa helse- og omsorgstenester. Dette gjer vi ved å få eit auka fokus på førebygging ved å styrke skulehelsetenesta.

Vi skal styrke tilbodet til gravide, samt sikre helsestasjonen gode vilkår.

Sande kommune skal ha nok institusjonsplassar i Sande til dei som treng det. Og vi meiner at Livsgledesertifisering skal vere eit middel for å løfte kvaliteten for dei som bur på institusjon.

Vi vil betre psykiatritilbodet i kommunen, der vi sikrar at både born og vaksne får eit godt tilbod. På denne måten vil vi legge til rette for at færre unge fell utanfor arbeid og samfunnsliv.

Eldre

Sande Arbeidarparti vil føre ein eldrepolitikk som møter utfordringane som ligg framfor oss. Det må utarbeidast ein overordna omsorgsplan og utbygging for eldre, der tilgangen til Sande kommune sine institusjonar for eldre og omsorgsbustadar vert dimensjonert for framtida sitt behov. Vi vil etablere ei eiga eining der «Eldre hjelper eldre» i Sande kommune, med mål om at den ressursen dei eldre utgjer, skal nyttiggjerast og at dei får ein meir verdig og triveleg kvardag. Vi ynskjer at eldrerådet skal få meir makt og ansvar, gjennom tale og forslagsrett til dei politiske organa. Det er også viktig at vi for å møte framtidas utfordringar aukar satsinga på velferdsteknologi.