Vi veit det hastar. Og det er våre born. Dei skal ikkje lida slik trass i foreldra sine dårlege val.

Dei må hentast, sjølv om dette skulle medføre at mødrene og blir med. Vi har allereie lenge kjent til situasjonen for desse borna, og vi veit at somme av dei risikerer ein snarleg død. Vi vil ikkje sitje stille lenger å sjå og høyre det som skjer.

Dessutan, dei må heim, og samfunnet må gjere alt som står i vår makt for å tryggje framtida deira slik at dei ikkje vert råka av fordommar frå storsamfunnet slik mange norske born opplevde oppveksten sin som «tyskarborn» etter krigen.