I innlegget sitt sist fredag i Vestlandsnytt, prøver han å skape inntrykk av at det er Høgre som har vore initiativtakar og pådrivar i alt som er gjort, og fått gjennomslag for i lag med samarbeidspartane. No har eg vore fast medlem av formannskapet i 8 år, og vore på dei aller fleste møta. Eg kan ikkje hugse at det har vore stor usemje om desse sakene Idar Tarberg nemner, dei aller aller fleste har vore samrøystes!

Utdjuping av Fosnavåg hamn har det lenge vore arbeidd med. Folkelista gjekk rett nok imot ytre deponi, og gjekk for deponi i indre hamn. Dei andre, spesielt Høgre, kjempa for 2 deponi. Vert det 2 deponi? Vert det berre eitt i på indre hamn? Dette er berre eitt døme på at Idar Tarberg ikkje alltid har rett.

Det har heller ikkje ordføraren. I kommunestyret den 2. juli då det vart vedteke å kjøpe næringsareal i Myrvåg/Dragsund, spurde og om vi ikkje likså godt kunne kjøpe arealet frå vegkrysset i Kvennahusvågen til tomta der Myrvåg forsamlingshus stod. Men nei, det kunne vi ikkje då det ikkje var gjort vedtak om kjøp, var svaret. Men alt i 2015, i formannskapsmøtet i juli, vart det fatta vedta om kjøp. det stod også i Vestlandsnytt. Eg har ikkje vore med på å oppheve det vedtaket. Heldigvis er no – etter 4 år- i gang forhandlingar om kjøp.

Kor mykje har Høgre kjempa for Herøy vidaregåande skule? Dei kloke hovuda fann ut at den skulle flyttast til Fosnavåg sentrum! Det var eit bomskot, Fylkeskommunen har aldri råd til ny tomt og nybygg der. Ville dei kloke hovuda verkeleg gjere noko for Herøy vidaregåande skule, så var det å få til noko utbetringar for skulen der den ligg i dag, slik den kan få gode og tenlege lokale. Men eg ser ikkje at det har vorte jobba med.

Skal vi få til noko, så må det jobbast i samla flokk, vi må vere samde om same målet.