To bilete kjem fram for oss som har levd ei stund. Det eine er korleis vi hadde det i yngre år. Eg vaks opp ved den kjende Saltstraumen, ei lita bygd med eit par hundre innbyggjarar. No ein del av Bodø by. Som unge hadde eg i tillegg om lag 300 tyske soldatar rundt husan i fem år. Det var fattegsleg for dei fleste. Berre tre personbilar i grenda: eigaren av Saltstraumen turiststasjon, eigaren av to fraktefartøy, som eg sjølv var med i tre sommarferiar som «lettmatros», og i tillegg bussjåføren, som etter krigen hadde kapra seg ein tysk etterlatenskap av ein militærbil. I dag står det både  to og tre personbilar av prima standard parkert ved kvart einaste hus. Og dei fleste bur i trivelege bustadhus med hage rundt. Vi lever langt på veg i overflod, i alle tilfelle om ein samanlikna med litt gamle dagar. Kva skal ein så ønskje seg meir av? Kva skal politikarane love av auka velstand og tilbod?

Når ein bur i det landet i verda som har høgast levestandard, vert det vanskeleg å svare. Men det kan alltid verte betre, og i politisk tenkning kjem det til andre og nye ønskjer og behov på fleire samfunnsområde. Det gjeld skuletilbod, helse- og omsorgstilbod, vegar og bruer, pensjonsordningar, urettvis for-

deling av generelle samfunnsgoder, og fleire. Kva skulle det vere i vår generelle velstand? Altså: kva skal ein vente av dei lokalpolitikarane som no skal prøve seg? Vi har jo nesten alt vi treng – og meir enn det.

Eg skal ikkje plage lesaren med alt for mange opgåver eg ventar dei nye representantane skal konsentrere seg om. Det er vel neppe uventa om eg tek fatt i den vidaregåande skulen. Og det etter at eg hadde mitt arbeid der frå  1966 til 1995, og føler at no syng kanskje skulen på siste verset.

Eg har teke vare på eit Vestlandsnytt frå november 2018, altså eit halvt år gamalt. Då viser avisa til eit skriv frå fylkesrådmannen til Herøy kom-

mune, der han skriv at »Møre og Romsdal fylke har fjerna Herøy vidaregåande skule frå sin tiårige investeringsplan. Årsaka er økonomiske utfordringar.» Det er «klare ord for pengane» som det heiter. Eg skjønar det slik at dette framleis er situasjonen. Herøy vidaregåande skule sin skjebne er allereie fastslått. Skulen skal bort. Fylkesrådmannen nemner i tillegg samanslåing av skular.

Kva har dei sitjande politikarane i Herøy gjort etter dette vedtaket i fylket? Eg har ikkje sett stort til saka i avisene. Eg har lite kontakt med personar i dei politiske organ, bortsett frå leiaren i skuleutvalet, Svein Gjelseth. Det viktigaste tiltaket, om ein skal kalle det for det, nemleg å flytte skulen til sentrum i Fosnavåg, er det einaste «tiltaket» i seinare tid. Det «tiltaket» var truleg berre eit nytt argument for fylket til å leggje ned skulen.

Eg ser av inntaket av elevar for komande skuleår at skulen no har 278 plassar og påmeldt 233 primærsøkjarar. Til samanlikning har Ulstein vidaregåande skule 589 plassar og 561 primærsøkjarar. Då eg slutta som rektor i 1995 hadde Herøy 27 klasser og 409 elevar, og skulen hadde 8 av i alt 10 studieretningar. Personalet var på 70 personar, altså ein relativt stor arbeidsplass for velutdanna tilsette. Det har gått «att og ned», noko som altså fylket har merka seg, og tatt konsekvensen av.

Dette er ei utvikling som dei nye politikarane som skal veljast inn i kommunestyret omgåande bør merke seg. Det vil vere eit stort tap for kommunen dersom denne utviklinga får halde fram. Og dei same nye politikarane har ein førsteoppgåve å ta fatt på så snart dei er i posisjon. Eg har min politiske ståstad i arbeidarpartiet, og eg ser at partiet har teke fatt i problemet. Men det må mykje meir til, og det må vere rimeleg å få alle nye politikarar med på å snu denne utviklinga.

Det gjer ikkje saka for skulen betre, at ein rektor som ikkje har fungert i fleire år måtte seiast opp, og at fylket ikkje lyser ut rektorstillinga, men prolongerer ei midlertidig til-

setting. Det er berre ein formelt tilsett rektor som har føresetnad for å ta fatt i, og saman med skuleutval og dei politiske organ i kommunen, take seg seg av denne saka. Og det må alle som no har meldt seg på lokalvalet, og kjem inn i kommunestyre og formannskap, nøye merke seg.

Eg kunne nemnd fleire saker som det er viktig å arbeide med, men denne saka ligg meg sjølvsagt nærmast etter nær 30 år som inspektør og rektor ved skulen.

Gudmund Solstad