Det er langt på veg «ein fryd» å køyre gjennom denne nye Skarabakken. Ein sensasjon at denne utbyggjinga er gjort. Som innflyttar på 60-talet, såg eg jo med undring på at kommunen sitt hovedkvarter låg i enden av ein elles god veg, men ein «flaskehals» av ein bakke like før ein kom seg i sikring nede i sentrum. Ein venner seg til det meste.

På den tida leigde vi på Herøy vidaregåande skule mange undervisningslokale i Fosnavåg sentrum, og elevane måtte ofte flytte mellom skulelokala og klasseroma nede i sentrum. Eg ser framleis føre meg leiaren i elevrådet, Matias Pettersen, avbilda her i avisa, ståande midt i bakken og vise til problema og farane for elevane med å kome seg opp og ned på eit ytterst smalt fortau. Vinters tid med glatt føre var det rett og slett livsfarleg. Men det gjekk altså godt. Så vidt eg veit vart ingen korkje påkøyrd eller skadd på anna vis.

No er Skarabakken vorte ein draum av ein bakke, finare vegstump skal ein leite lenge etter. Romsleg og greit for biltrafikken, flotte fortau med fine og sikre gjerder langs med ytterkantane. Det kan ikkje gjerast betre. Ein estetisk draumebakke.

Og korleis kunne dette skje. Litt historikk kan ein kanskje ta med. Bjarne Rabben nemner i ei av bygdsogene, at vegen Eggesbønes-Fosnavåg vart bygd i åra 1874 til 1878. Så ombygd noko i 1930-åra. Strekninga vart fylkesveg i 1970. Så er det vel fylket ein kan takke for at vegarbeidet er gjort, og gjort så fint, vil eg tru. Ein vegingenør med sans for det perfekte. Den eller dei vegingeniørane som har stått for planleggjinga, bør få ein blom overrekt av ordføraren.

Medan eg framleis var i arbeid på Herøy vidaregåande skule, var tanken om ny adkomst til Fosnavågen oppe til debatt. Bilane vart større og større, så to store bilar måtte rekne med å måtte rygge kvar sin veg for å klarere ut møteproblemet. Ljose haud fann ut at det ikkje på nokon måte var plass til vegutviding i Skarabakken. Vegen måtte leggjast i og gjennom fjellet, med innslag like ved skulen. Vi såg mørkt på eit slik prosjekt som naboskap.

Midt inne i fjellet skulle det leggjast inn ei rundkøyring med utgangar, altså nye tunnellar, mot parken og Nerlandsøya, ein anna utgang til Fosnavåg sentrum og ein tredje til Ura. Heilt fantastisk! Men anna løysing fanst ikkje. Dette er no grundig motbevist.