«Bitte lille Norge skal redde verden, slutte med det meste og lage tilværelsen mest mulig jæklig for folk flest med bypakkar, og det som verre er».

Ja, kvar er denne såkalla «klimakrisa»?

Ikkje veit eg, og når eg ferdast her i mitt fylke Møre og Romsdal ser eg ein natur, og eit miljø som aldri har vore reinare enn akkurat no.

Eg har sjølv ferdast svært mykje ute i naturen heilt frå eg var liten, og til no når eg er over 50.

Før når eg gjekk i lakseelva, var der omfattande utslepp frå landbruket som silosaft og møkk, frå hushald i eigne kloakksystem som mykje av overløp gjekk vidare ut i elva, og utslepp frå næringslivet som ikkje var bra. Det var «nesten uråd å gå langs elevane pga sleipe og glatte steinar, berg osv»

I dag går eg her i reine elevar, etter strenge restriksjonar for landbruksnæringa. Kkommunane har kontroll på hushalsavfall og næringslivet har strenge miljøkrav. Det same ser eg ellers ute i naturen der eg ferdast.

Rundt oss kjem det meir og meir El-bilar og El-bussar, vi har LNG ferjer, svært strenge miljøkrav til både landbruksnæring og industri, og no også omfattande utskifting av gamle ferjer her i fylket til klink nye El- ferjer.

Vi har cruiseskip inn fjorden til Geiranger, som aldri før har vore reinare enn akkurat no. Hugs på at alt i 1900 var der ca 100 cruiseskip til Geiranger. Likevel har Stortinget og regjering prestert å stille krav om tier 3 i 2025, og nullutslepp i 2026 for cruiseindustrien her i området.

Ikkje fekk dei med seg at dette betyr kun 10-15 LNG-skip i 2025 og NULL skip til Geiranger i 2026, pga at det tidligaste næringa har forespegla slike skip er i 2035-40.

I dag har vi 225 anløp til Geiranger og 148 anløp til Hellesylt med ca 360000 turistar, som kvar enkelt legg igjen ca 6-700 kroner i regionen. Med kun 10-15 skip i 2025 og NULL i 2026 får vi eit gedigent verdiskapingstap i vår region på fleire hundre millionar kroner. Det betyr tap av mengder med arbeidsplassar her ute i distrikta, med bakgrunn i eit aldeles meiningslaust vedtak for ei næring som aldri før har vore reinare.

Miljørestriksjonar er OK, og mykje av krava fram til 2024-25 er å leve med. Derimot har ein her gått alt for langt og ikkje regulert næringa her i området, men regelrett fjerna den totalt frå 2026.

Vi forsøker å gjere det beste ut av dette med planlegging av nye cruisekaier lenger ute i fjorden, og frakte eit bebegrensa antal med cruisegjester inn til Geiranger med mindre nullutsleppsfartøy. Vi fryktar derimot at cruisegjestane blir bussa inn frå andre hamner i hopetal, på eit vegnett og ferjenett som frå før er totalt overbelasta.

Når eg får spørsmålet om eg er flau av å ta eit fly til Oslo eller utlandet, så må eg berre trekke på smilebandet og innrømme at dette vare eit «greinalaust» spørsmål.

Når eg tenkjer på forrureiningane og utsleppa som er i dei verkeleg store byane og landa rundt omkring i verda, slik som i Kina og India, blir det berre aldeles tåpeleg at lille Norge skal redde verda med sine utslepp som ligg på nivået med ein middels stor by i utlandet!

Visst skal vi ta miljøet på alvor, og visst skal vi gjere det vi kan for eit så godt miljø som mogeleg. Men vi må ikkje «barbere av oss halve haka» i vår iver etter å vinne NM og VM i miljøhysteri!

Vårt land vert reinare for kvar dag som går, men vi må ikkje stelle oss slik til at vi øydelegg for næringslivet som vi faktisk lever av. Utan olje- og gassindustrien her i landet hadde vi ikkje hatt den velstanden som gjer oss til eit av verdas beste land å bu i. Ei krisemaksimering av dette fører ikkje til eit reinare land og ei reinare verd.

Vi står for noko av det beste teknologiske og reinaste som finnast også innan denne næringa, og kuttar vi ut dette er det andre som tar over den produksjonen andre stadar i verda som ikkje har same miljøfokuset.

Kanskje er det også på tide å tenkje seg litt om, alle dei med «kjeften full av gullskjeer» som ropar opp om miljøkrise og skal leggje ned det meste.

Kravet om såkalla «bypakkar» som skal måke på med gang og sykkelvegar og kollektivtilbud, finansiert av bilistane og næringslivet, poppar opp over heile landet.

Det er slik at ein daud laks frå Fosnavåg som skal til marknadane i Europa, ikkje skal bruke ein meter av dei gang og sykkelvegar som den blir pålagt å betale bompengar for på sin veg ut av landet. Prinsippet om at dei som har nytte av tiltaka, også må vere dei som betalar for dette, og ikkje velte heile rekninga over til andre.

Vi i Frp aksepterer ikkje lenger klimahysteriet til verken Ola Elvestuen eller andre, og har ikkje tenkt å radbrekke vårt flotte land i iveren etter å vinne NM og VM i klimahysteri.

Mvh

Frank Sve

Fylkesordførarkandidat

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP