Endå ein gong har du fått spalte plass for ditt dumme synspunkt. Eg måtte gni meg i auga, for eg trudde eg las feil då eg opna avisa den 18 mai. Går det an å leve i «steinalderen» anno 2019. No skal ungdomane til pers, som tek feil vegvalg. Så i blindt raseri og forbanning, spyr du ut eder og galle, skam deg. Ver du glad du at dei tek ei utdanning i akkurat det dei vil verte. Misunner du dei, sidan du vert så rasande?

Eg fekk aldri ta den utdanninga eg ville (grunna dårleg helse). Det vart sylære for meg (nyttig det og). Eg er glad for at dei har mulegheit, men trur også dei har sine saker på kjøkenet når den tid kjem.

Eg fann eit utklipp skrive av Øysten Storeide som heiter «Kvar er ho». I tredje verset står det:

Her er jaktmarker lengre sør, dit eg stemmer so snart eg fær «bør». So farvel då, du Sunnmørings merr, gå deg vill du - i dit eige kjerr.

Lukkast du ikkje der heller?

Kjøp deg eit kryssord du Vanylvsmann, så du får slappe av lite grann. La ungdomen få bestemme sin vei, då slepp du å verta så inderleg lei.