Bakgrunnen for vårt klare standpunkt er fylgjande:

Vi bur i eit unikt geografisk område og framtidas næringar har eit stort potensiale innanfor havrommet og turisme, noko som framtidas generasjonar skal leve av.

Vårt unike kyst-, fjord- og fjellandskap er turistattraksjon i verdsklasse.

Urørt, vakker og storslått natur er beskrivinga frå ei samla verdspresse. «Norway - Powered by Nature».

Befolkninga i Noreg har hatt billig, rein og fornybar vasskraft i over 100 år. Sjølve fundamentet for industribygging, nærings- og velstandsutvikling. Vasskraft har i alle år tent arbeidsliv, offentlige institusjonar og våre husstandar på ein fortreffeleg måte.

Noregs vasskraft gir årleg kraftoverskot og ein netto energi eksport.

Vindkraft er svært kostbar, upålitelig og sekundær kraftkjelde. Og i følje NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) produserer vindmøller energi kraft bere ca. 115 dagar pr år. Vindkraft har lav verkingsgrad og kostar langt meir å produsere en tradisjonell vasskraft, som vi har flust av i Noreg og også i Sande kommune. Noreg er sjølvforsynt med vasskraft, men dagens regjering har opna opp for å bygge 5.000 vindturbinar! Der vindturbinar skal etablerast i større industriområd samt i urørt natur, med eigne vegsystem, kabelgrøfter, masseuttak, knuseverk, trafostasjonar m.a.

Norsk vindkraft er i dag oppkjøpt (90 %) av utanlandske investeringsfond. Dei forventar høg pris og profitt i framtida. Når sertifikatordninga vert stengt for nye prosjekt i 2021 må straumprisane mykje opp for å få lønsemd.

Det betyr at utanlandske investorar får eit sugerør ned i norske bedrifter, kommunane sine driftskonti og befolkninga sin pengepung i all framtid.

Langs vår kystlinje der vi bur, med vekslande vêr og fuktig klima, har vi fått opplyst at vindmølleblada vert utsett for ising, og sokalla «iskasting» (isen slepp) som kan vere livsfarleg, der områda har blitt nedstengt.

Når det er mørkt vil vindturbinane være som eit «lysorgel», fordi vindturbinar er å regne som luftfartshinder og skal i tråd med krav frå Sivil Luftfart merkast med lys. Dei store vindturbinane er heller ikkje støyfrie, slik enkelte påstår.

Vårt naboland Danmark har vedteke å redusere dagens ca. 4.200 vindturbinar til 1.850 på land, med ei større satsing på havbaserte vindmøller som har høgare innteningsevne som vil produsere energi 190 dagar i året mot 115 på land. Polen har gått lenger i sin politikk knytt til vindmøller, og vil demontere alle landbaserte vindturbinar.

Samtidig, skal vi ikkje gløyme Noregs ansvar for å avgrense utslepp frå fossil brensel og globale oppvarming. Om vi skal satse på vindbasert energi, bør Noreg som nasjon i staden for landbaserte installasjonar, satse på flytande vindkraft til havs i område som gjer at vindkraft kan eksporterast direkte til kontinentet eller Storbritannia.

Flytande vindkraft kan gi Noreg ny vekst i offshorenæringa. Vår maritime sektor er allereie inne i vindkraftnæringa til havs og vi har den beste føresetnaden for vidareutvikling av teknologi og løysingar for dette. Dette vil mellom anna gi serviceoppdrag og vedlikehald for all framtid. Nye oppdrag og ny aktivitet for heile vår maritime næring, på sjø og på land.

Samla sett bør det utarbeidast ein overordna plan, somtek omsyn både til norsk storslått natur som mellom anna ei veksande og viktig eksportnæring for Noreg, og berekraftige løysingar knytt til fornybar energi, utan inngrep i naturen som det her er snakk om.

Berekraftige og langsiktige løysingar hastar å få på plass, og for dette formål, altså framtida til komande generasjonar, så er dette eit område ein bør være villig til å tøye handlingsregelen. Men dette krev felles storpolitisk mobilisering som bla. Må omhandle avgrensing i energiforbruk per husstand, samt samferdselsvilkår som tvinger ned utsleppet.

I denne saka er det dagens, men spesielt framtidas sandssokningar som vi må lytte til. Dette er ikkje saka for ei forhasta beslutning. Sande AP har eit klart standpunkt, og det er at vi skal verne om naturen i vår nærområde som både kan gi vekst for andre næringa, samt gi gode oppvekst- og trivselsvilkår.

Under sakshandsaming i komande kommunestyremøte i Sande angåande «Høring – NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land», vil Sande Arbeidarparti i høringsutalen frå Sande kommune ta sterk avstand frå foreslått utbygging.