Eg må seie at eg blei ganske sjokkert då eg las i Vestlandsnytt at det ligg an til politisk basketak om vindmøller i Sande kommune. Medan politikarane i Ulstein og Hareid har gitt klare signal på at dei stiller seg negative til ei slik utbygging, er det faktisk usikkert kva utfallet blir i Sande.

Med tanke på all informasjon som har kome fram om vindkraft den siste tida, så kan ein lure på om politikarane i Sande ikkje har følgt med i timen. For ikkje blir straumen billegare, og ikkje er det spesielt mykje å hente økonomisk på ei slik utbygging. Og les ein kommentarfelta på Facebook, så er det ikkje så mange av innbyggjarane som er for dette heller. Når politikarane samstundes snakkar om å satse på turisme i kommunen, så framstår det ganske absurd at ein i det heile diskuterer vindmøller.

Eg er ganske sikker på at Sande kommune kjem til å tape store pengar på å seie ja til vindkraft. I fleire år har kommunen slite med fråflytting. Og nyleg kunne ein lese at ungdomen trivast dårlegare i kommunen, og at færre ønsker å flytte tilbake etter endt utdanning. Grunnen er truleg at det blir færre og færre unge i kommunen, og at ein dermed får eit begrensa sosialt nettverk. Dette blir raskt ein vond sirkel. Likevel har ein no dei siste åra sett at fleire barnefamiliar har etablert seg i kommunen, og at det kanskje ikkje ser heilt mørkt ut for framtida.

Men når Sande kommune kjempar mot sentraliseringkreftene og fråflytting, så er neppe vindkraft svaret. Det kan heller bli spikaren i kista for ei kommune som sårt treng barnefamiliar. For dei som faktisk vel å busette seg i Sande gjer ikkje dette fordi det er kaffibarar på kvart hjørne. Dei flyttar til Sande fordi det er ein trygg plass og bu og fordi ein har fantastisk natur rundt seg på alle kantar. Dei verdiane ein har i kommunen må ein ta vare på og framsnakke, ikkje øydeleggje dei fordi at nokon på eit kontor i Oslo har lyst til at Norge skal selge straum til Tyskland.

Kommunene sine inntekter heng saman med innbyggjartalet. Det bør politikarane ha med i beregninga når dei debatterer vindkraft. For det er ikkje veldig attraktivt å busette seg i ei kommune med vindturbinar som lagar støy, øydelegger landskapet og er skadeleg for dyre- og fugleliv. Ingen flyttar heim frå storbyane etter dei er ferdig med utdanninga for å bli plaga av during eller ha vindmøller som utsikt. For dei unge i etableringsfasen som vurderer å busette seg i Sande vil nok dette vere utslagsgjevande. Og om barnefamiliene vel å busette seg andre stader, så kan det etterkvart føre til nedlegging av skular og barnehagar. Dette bør politikarane tenke svært nøye gjennom før dei tek ei avgjerd. For dette kan forme kommunen i fleire tiår framover.

Etter mange år i Oslo valgte eg å flytte heim til Sunnmøre, og no held sambuaren min og eg på å bygge hus i Haugsbygda. Det hadde vi aldri gjort om vi på førehand viste at det kunne kome vindmøller på fjellet rett over oss. Dersom politikarane ikkje tek til vet og gir klar beskjed til NVE om at dei ikkje ønskjer vindturbinar, så trur eg at huset vårt blir det siste nybygget i Haugsbygda, og i store delar av Sande kommune. Det kan fort slå særs negativt ut for kommuneøkonomien.

Lokalpolitikarane si oppgåve er først og fremst å legge til rette for at innbyggjarane skal trivast og at kommunen skal vere ein god plass og bu. Seier dei ja til vindkraft vil det vere ei fallitterklæring for den jobben som er blitt gjort i Sande for å få opp befolkningstalet dei siste åra.