Det var med stor forventing eg sette meg i godstolen for å lese referatet i Vestlandsnytt om fylkesplansjefen sitt syn på Sande kommune. Det gjekk ikkje lenge før eg fekk kaffien i halsen. Korleis kan ein snakke om problema i Sande utan å nemne samferdsle? Til overmål vert det nemnt at ein treng eit sterkare sentrum! Vil minne om at vegen til øyane i Sande er stengd om natta og elles open berre 5 minutt annankvar time!

Heldigvis vert det mot slutten av referatet nemnt at Sande er for dårlege til å orientere seg til kommunane rundt seg. Det er ikkje noko nytt, men greitt å få bekrefta av folk frå fylket. Dersom vi diskuterer dette med folk frå andre kommunar får vi det same svaret. Kva er det som er årsaka? Vi ser at Herøy og Vanylven samarbeider godt. Kva vil skje med veslebror Sande som ligg inneklemt mellom desse to kommunane?

Eg sat sjølv i kommunestyret på 70-talet. Allereie då vart mange rutinesaker delegert til administrasjonen, noko som forenkla dei folkevalde si deltaking. Saksmengda auka frå år til år, og for mange var delegeringane ein føresetnad for å delta i politikken. Likevel sat mange av oss att med ein nagande tvil; kvar går grensa? For meg er tvilen borte. Det har gått altfor langt. Administrasjonen har fått så vide fullmakter at dei har overteke ein stor del av politikarane si styring av kommunen. I ein del saker har dette fått konsekvensar.

Då Tverrpolitisk liste vart etablert var det fordi veljarane var misnøgde med prioriteringane mellom bygdene. Det vart difor forsøkt å få til ei oppstilling som viste desse investeringane. Slike opplysningar var ikkje lett tilgjengelege, men etter kvart fekk vi til ei oversikt. For å visualisere det, vart det teikna ei kake der kakestykka skulle representere bygdene. Det vart eit sjokk for mange. Kakestykka til Gjerdsvika og øyane var såpass at vi kunne kjenne smaken, men kakestykket til Hakallestranda vart berre ein tynn strek. Larsnes og Gursken fekk smake alle saman. Dette var ei framstilling veljarane kunne forstå og difor fekk vi ei fordeling av representantar som avspegla innbyggartalet i dei ulike bygdene. Hakallestranda søkte seg seinare til Vanylven!

Innbyggarane i Sande burde få sjå ei ny slik kake no. Skal Sande kommune overleve prosessen med kommunesamanslåingar må ein snarast inkludere alle bygdene i utviklinga av kommunen. Dersom ein ikkje maktar å stanse utflyttinga på øyane vert Larsnes ein utkant-landsby med ein sjukeheim, ein verkstad og kanskje ein butikk der dei fleste køyrer forbi på veg til eit senter.