Som ein ropar i skogen får ein svar. Lite veit eg om korleis spørsmålet til Fylkesmannen var forma, men i svaret seier han ikkje at voteringa var rett. Når eg snakkar med same person, får eg inntrykk av at framstillinga han har fått ikkje samsvarar med mi oppleving av møtet.

Lat det vere klinkande klart: Når eg og andre fremjar forslag i kommunestyret, skal desse voterast over, om ikkje dei vert trekte. Vart dei voterte over? Nei. Vart dei trekte? Nei.

Ordføraren kan då ikkje hoppe over forslaga og gjere voteringa etter sitt haud. Skal ein votere på ein annan måte, er det berre kommunestyret (organet) som kan avgjere det. Bestemte kommunestyret at dei innleverte forslaga ikkje skulle voterast over? Nei. Bestemte kommunestyret at ein skulle legge opp røystinga slik det vart gjort? Nei.

Alt dette var det ordføraren som bestemte, og ikkje fleirtalet i organet. Der var ingen forslag som gjekk på at ein kjøpte alle hamnene utanom Sandebukta. Men slik vart resultatet etter voteringa.

Det er nok lite vits i å prøve dette for kontrollutvalet, så enkelt som dei ser på ting. Skal Fylkesmannen avgjere det, må han får dei opplysningar som trengst for å belyse saka. Eg kjem ikkje til å gjere særleg meir med det, men det er synd at folket på Sande skal få anna behandling enn dei andre som vart råka av dette rotet med kjøp av hamnene.