Vellukka nattcup i Herøy

Innsendt

Vinnarlaget: Denne gjengen, ein delegasjon frå Hødd 2 med lagnamnet «Juciy banglesh» vann finalen. Foto: ARJAN SYDHAGEN DALSØREN 

Ung

17 påmelde lag, derav tre jentelag, og totalt over 145 spelarar, deltok. Dei kom frå heile Søre Sunnmøre.

Høgt nivå og mange habile spelarar

Ein delegasjon frå Hødd 2 med lagnamnet «Juciy banglesh» vann finalen mot «Creme de la creme». I finalen var det framvist mykje tekniske ferdigheiter, noko som gjenspeglar nivået til fleire av spelarane som høyrer til oppe i divisjonssystemet.

Andreplass: Denne gjengen, «Creme de la creme», spelte seg til ein solid andreplass.   Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren

Ørsta og Volda var godt representert gjennom «La masia» som tok 3.plassen. La masia er også kjent som juniorakademiet til fotballklubben Barcelona. Dermed var det ingen sjokk at det tekniske nivået til unggutane innom Eiksundsambandet var godt likt blant dei oppmøtte.

Tredjeplass: Ørsta og Volda var godt representert gjennom «La masia» som tok 3.plassen.   Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren

Nokon tok det litt meir alvorleg

«Sander’s slavar» med Sander Aasen og Peder Gjerdsbakk i spissen serverte publikum mykje moro gjennom den gode manager-rolla. Voksingen Torbjørn Baade og Sondre Steinvik var årets toppscorarar, begge sette fire ballar i nettet.

Vinnarar: FV: Torbjørn Baade og Simen Bellen, høvesvis voksing og hakallestrandar. Begge vinnarar av årets nattcup.   Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren

Også jentene imponerte

Blant dei tre jentelaga var det over 30 jentespelarar, dei viste mykje gode ferdigheiter og det vart godt tatt i mot blant publikum. Det var til store jubel når dei opptil fleire gongar sette ballen i mål mot gutelaga.

Ira Sarucco Ulvan og Carl-Henrik Moltumyr var godt fornøgde med arrangementet.

God stemning: Ira Sarucco Ulvan og Carl-Henrik Moltumyr var som vi ser godt fornøgde med arrangementet.   Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren

– Fantastisk å endeleg få lov å arrangere nattcup igjen. For oss som arrangørar har dette vore noko som vi har sakna stort i den tida vi har vore inne i, og når ein kjører i gong og vi får 450-500 ungdommar frå heile regionen innom døra, ja då blir vi utruleg fornøgd! Det skapar stort engasjement både hos oss men vi ser også at ungdomen sjølv har lengta etter dette. Dei storkosa seg alle saman på fredag, og det var mykje positivitet å hente.

Alt i alt eit fantastisk bra arrangement, og vi gler oss stort til neste!