Ei tekst om utanfor- og innanforskap:

"Inga unnskylding!"

Dette er ikkje eit lett tema å snakke om, spesielt for unge. Mange føler seg utrygge eller utanfor, men seier ikkje ifrå. Ein av eit mangfald grunnar er mobbing. Det har gått for langt, og vi må skjerpe oss! Vi tolererer ikkje at nokon skal påføre andre slike «sår», og det må visast.

Tekstforfattaren: Astri Celine Berge i 9. klasse ved Stokksund skule.   Foto: Arkivfoto

Ung

Å føle seg velkommen er toppen av det humøret treng. Så om ein blir mobba, ikkje inkludert eller kanskje slit med familie- eller miljøvanskar, føler ein seg ganske elendig. Mobbing er ein måte å kverke gleda og energien til nokon på. Uansett om det er fysisk eller psykisk. Berre så mykje som å gi stygge blikk fleire gongar tel som å plage andre.

Om ein blir fysisk mobba, får ein mogelegvis mange skader eller blåmerke frå dag til dag. Ein kan bli skubba, slått, sparka, pressa opp etter vegger og mykje meir. Men faktum er at det er ikkje berre på kroppen ein kjenner at noko gjere låkt, det kan også øydelegge psyken til offeret.

Eg meiner sjølv at psykisk mobbing er verre enn fysisk mobbing. Sjølv om ein berre seier ulike ord eller lydar, så vil negative ting alltid vere sterkare enn positive. Det sårar meir enn det ein trur. Vi held orda tettare til hjartet, og høyrer på dei verste kommentarane vi får. Å ikkje bli inkludert eller å få stygge blikk gjentekne gongar er med på forsterke dei negative kjenslene.

Når ein har blitt mobba, blir ein tvilsamt den same som ein ein gong var. Mobbing øydelegg den du er, og ein klarer ikkje alltid å fikse det åleine. Om ein tek eit ark og knurvar det for kvar gong nokon seier noko utilgiveleg, blir det krøllete. Når mobbaren verkeleg vel å seie «unnskyld», brettar arket seg heilt opp att. Men no ser det definitivt annleis ut. Det flate arket har blitt brutalt knurva, for så å blitt forsiktig bretta ut att. Det blir ikkje lett å skrive eller teikne på det igjen, men det er der, klart til å bli kasta. Akkurat som ein person. Akkurat slik nokon føler seg; ubrukeleg, verdilaus og til og med har gitt opp.

Ein blir van med å vere forsiktig, seie ingenting og høyre på alle dumme ting ein får mot seg. Men vi er berre menneske, som kan bli såra, le og grine, og vi kan også vere redde, glade, og deprimerte. Individet vil mest sansynneleg uttale seg om alt saman, men alle har sine grunnar for å la vere. Grunnar til å prøve, men så trekkjer ein seg eller mislykkast fordi ein ikkje orkar eller tør å fortelje om hendingar eller tankane ein sjølv har. Kvar enkelt person unngår noko, for vi veit at ein vil oppleve på ny sårbare kjensler eller handlingar. Kanskje ein bekymre seg for andre fyrst og ville alt det beste for dei?

Det er ulike grunnar til å mobbe andre. Sjølv om ein veit at det ikkje er greitt, legg ein ikkje alltid merke til smerta ein kan påføre andre, spesielt om ein har eigne problem. Men dette er inga unnskylding! Ein burde vite at å la ting gå utover andre ikkje er akseptabelt. Individet vil kjenne på det same som deg, og kanskje verre også. Å trykkje ned andre med eigen tvil og kjensle, vil definitivt svekkje motet og gleda ein person er fødd med.

Mobbing endrar oss og gjer oss til nokon vi ikkje kjenner att sjølve. Ein klarer ikkje å få med seg kva som skjer rundt i verda fordi ein tenkjer berre på om ein er trygg. «Kvar er dei, vil dei gjere noko mot meg i dag? Eg orkar ikkje meir, er dei vekk?»

Om nokon vel å tru noko anna, køyr på. Men ein må passe på korleis ein uttalar seg, og vere omsorgsfulle. Prøv å assosiere slike hendingar skjedde med deg, kva tankar ville du hatt?

Ein må alltid hugse å tenkje to gongar før ein handlar, for det kan gå veldig gale veldig fort. Mobbing er noko dei fleste står ovanfor, både som eit vitne eller kanskje som eit offer. Så du er ikkje åleine. Uansett om det er fysisk eller psykisk, er ikkje dette greitt! Og alle veit kor vanskeleg det er å gi beskjed, men når ein fyrst klarer det, vil samfunnet hjelpe til så godt som dei kan. Det kan eg love deg.

Kjelde: Likee – HouseofBrooklyn