Fritidsklubb-aktivitet i påska

Fritidsklubben  Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Ung

Fritidsklubben i Herøy vil saman med UFO halde ope på kveldstid måndag, tysdag og onsdag i påskeferien.

– I samråd med kommuneoverlegen får vi lov til å halde ope for ungdomskuleelevar berre frå Herøy. For dei blir det som eit vanleg fritidsklubbtilbod, med ekstra fokus på smittevern. Vi har eit tak på maks 50 personar, seier Mona Grethe Ryssevik.