Sofie Sørdal Brekke og Victoria Kopperstad om kvardagen i koronatid:

God undervising, men saknar skulen

1,5 månad etter at skulane stengde, er dei fleste gått leie av denne rare, alternative tida. Men korona-skulekvardagen har også nokre positive sider, synest Sofie Sørdal Brekke (14) og Victoria Kopperstad (15).

Saknar skulen: YHU-elevane Victoria Kopperstad og Sofie Sørdal Brekke har ingen problem med å fylgje heimeundervisninga, men dei saknar den sosiale kontakten dei får på skulen.   Foto: Privat

Ung

Dei to niandeklassingane ved Ytre Herøy ungdomsskule legg ikkje skjul på at den siste tida har vore kjip.

– Eg har jobba med heimearbeid og site og sett på Netflix. Det har vore veldig kjedeleg. Samtidig går dagane kjempefort fordi eg gjer det same heile tida. Eg saknar å møte folk på skulen, seier Sofie Sørdal Brekke.

Venninna, Victoria Kopperstad er einig.

– Eg fokuserer på skule, men eg har prøvd å vere med vennene mine så mykje som mogleg. Vi avtaler å møtast ute, og så er vi nede i sjøbada i nærleiken av der eg bur, fortel ho.

Føretrekkjer heimeundervisning

Grunnen til at jentene saknar skulen er først og fremst at dei vil sjå igjen vennene sine kvar dag og kunne samlast i gjengar igjen. Sjølve undervisinga synest dei nemleg er vel så god no som før, ja kanskje betre.

– Eg føretrekker dette framfor vanleg skule, for når eg er heime, er eg meir komfortabel med omgjevnadane og då klarer eg å konsentrere meg betre, seier Victoria.

Ho held fram:

– I eit klasserom med mykje folk, får eg lyst til å prate med andre, men så får eg ikkje lov.

Sofie er einig. Faktisk har heimeundervisinga ført til at ho har blitt betre i matematikk, seier ho.

– Vi har fått fleire hjelpemiddel på nettet som vi kan halde fram med seinare og, seier ho.

Selfie-orienteringsløp

Kontaktlæraren til jentene, Silje Steinsvik Paulsen, seier at timeplanane på YHU no lagt opp slik at elevane har to økter med «vanlege» fag og éi økt med kroppsøving kvar dag. Sistnemnde er det fullt mogleg å gjere i lag med medelevar, så lenge ein fylgjer retningslinjene FHI har lagt ned for å unngå spreiing av koronaviruset.

– Denne veka hadde vi til dømes «Selfie-orientering». Elevane skulle lage seg ei løype som dei jogga to gongar i løpet av veka og dokumenterte med selfies, seier Paulsen.

Lærar: Silje Paulsen og dei andre lærarane ved YHU gler seg til å få tilbake ein normal kvardag. – Vi saknar elevane våre, seier Paulsen.   Foto: Privat

Individuell oppfølging

Lærarane løyser fjernundervisinga på ulike måtar. Nokre strøymer undervisinga på nett, medan andre lagar filmar som dei delar med klassa. Nokre gjer begge delar. I tillegg får elevane massevis av heimeoppgåver, som lærarane går igjennom og gir tilbakemelding på kvar einskilde dag.

– Vi lærarane har lært kjempemasse om digitale hjelpemiddel, seier Paulsen.

Likevel er det ganske utfordrande for å dei å undervise på denne måten, ettersom dei heile tida må legge opp til oppgåver som elevane helst skal kunne løyse heilt på eiga hand.

– Nokre er åleine heime, medan andre har sjanse til å få litt hjelp av foreldra sine. Uansett er det viktig at vi gir oppgåver som elevane kan jobbe med sjølvstendig. Samtidig er vi lærarane tilgjengelege på Messenger heile tida, og vi har mykje kontakt med elevane, fortel Paulsen.

Ho synest elles at opplegget har gått over all forventing.

– Vi er stolte av elevane våre og kor godt dei har takla denne situasjonen.

Den tette oppfylginga og dei daglege tilbakemeldingane på oppgåvene gir gode resultat, synest Sofie og Victoria. Dei har snakka litt om det med vennene sine, og dei synest det verkar som at fleire har hatt stor framgang på leksefronten.

– Vi får det til betre. Og vi synest lærarane er flinke til å hjelpe oss når vi treng det, seier Victoria.

Gler seg til det er over

På spørsmål om kva jentene gler seg mest til når alt dette er over, er dei ikkje i tvil:

– Fridomen. Vi gler oss til å samlast som ein stor vennegjeng igjen, ikkje berre nokre få, og til at vi kan gå dit vi vil.