3.-plass i UNG-skrivekonkurransen:

Les Grøssar-novella til Emine Miria Nærø Ytterland

Vi presenterer 3.-plassen i årets UNG-skrivekonkurranse: Novella «Maleriet», skriven av Emine Miria Nærø Ytterland (12) frå Nærøya.

Emi­ne Miria Nærø Yt­ter­land: Ho går i 7. klas­se på Ei­ne­da­len sku­le og skreiv den­ne no­vel­la som ei sku­le­opp­gå­ve. Foto: pri­vat 

Ung

Dette kjem til å bli den verste dagen i mitt liv! Vi har nettopp flytta frå Fosnavåg til Trondheim. Flytta frå huset vårt, alle eg kjenner og den plassen der eg vaks opp. Eg kjenner ingen her, og det er skule i dag. Eg vakna nettopp av vekkarklokka, og held på å kle på meg ei lys dongeribukse og ei raud T-skjorte. Når eg kjem inn på kjøkkenet, luktar det bollar og kakao. Mamma prøver visst å få meg i godt humør. Men det hjelper ikkje. Eg er framleis sur.

Mamma køyrer meg til skulen i dag, sjølv om det eigentleg berre tek fem minutt å sykle. Når eg kjem inn, er gangen full av folk. Det er bråk, og det ser ikkje ut som at nokon merkar meg. Før norsktimen startar, introduserer læraren meg for klassa. Timen er kjedeleg, og vi lærer berre ting som eg allereie har lært på den førre skulen. Endeleg ringer det ut og alle stormar ut døra. Klasserommet er tomt på eit sekund. Det er berre eg som står igjen her, til og med læraren har gått.

Eg går ut i gangen og riv ned eit bilde av ei dame som ser ut som ho er frå 1800-talet. Det knuser. Eg plukkar det ikkje opp igjen, for eg orkar ikkje det, pluss at det er berre eit gammalt bilde, kva kan liksom skje? Plutseleg høyrer eg ein svak latter bak meg, men når eg ser bak er det ingen der. Det er sikkert ingen ting, tenker eg og går.

Så snart skuledagen er over, stormar alle ut, men denne gongen er eg ikkje sist, eg er midt inne i ei klynge som berre dyttar meg med seg. Når vi går forbi det bildet som eg reiv ned, ser eg at det heng uknust på veggen. Men det er noko som har hendt med det. Eg klarer ikkje å setje fingeren min på det, for vi går for fort forbi.

Mamma står utanfor og ventar. Eg set meg inn i bilen og mamma driv og masar om eg har hatt ein fin dag, men eg er berre heilt stille. Når vi kjem heim, går eg rett inn på rommet mitt og legg meg i senga. Eg stirar opp i taket. Til slutt sovnar eg.

Eg vaknar plutseleg og ser ein skugge framfor meg. Eg blinkar nokon gongar, men den går ikkje vekk. Eg blir redd og set meg opp, der står ei dame! Ei dame som eg ikkje kjenner ... Eg hyler, og mamma kjem spurtande inn i rommet og ser seg rundt, og så på meg. Ho ser veldig fortvila ut.

– Men kva er det du ropar sann for?

Eg ser meg rundt eg også, dama er borte!

– Her var ei dame, ropar eg.

– Kva dame, spør mamma uforståeleg og ser seg rundt enda ein gong.

– Eg veit ikkje, eg såg henne ikkje skikkeleg, for eg hadde så vidt vakna, sa eg fortvila.

Mamma seier at det sikkert berre er noko eg har innbilt meg, men eg veit at det er ekte, det var ei dame som stod inne på soverommet mitt.

Neste dag er akkurat som den førre. No, når skulen er ferdig, spurtar alle ut. I dag orkar eg ikkje å henge meg på. Eg berre ventar til at alle har gått ut, og så begynner eg å gå. I dag når eg går forbi der bildet hang, er det ikkje der. Eg begynner å sjå rundt for å sjå om eg ser bildet. Plutseleg får eg auge på det, det heng inne på eit klasserom. Eg går inn, og må halde meg for nasen. Her stinkar gammalt og muggent. Eg går bort til biletet og studerer det nøye. Det er visst ingenting som er forandra der.

Eg snur meg for å gå, men når eg tek i døra, kjenner eg at den er låst. Eg riglar på handtaket då eg plutseleg høyrer ei hvesande stemme bak meg:

– Trur du at du berre kan rive ned det kunstverket av eit bilete og berre sleppe unna med det?

Eg snur meg. Der står dama på biletet og stirar på meg, berre at no er ho ikkje inneramma og måla, men ho er ekte og kan snakke.

– Eg bryr meg ikkje om noko teit bilete, seier eg surt, for no vil eg berre gå.

– Vel det bør du, glefsar ho etter meg.

Eg spring bort til døra og bankar så hardt eg kan på den. Men så kjenner eg at ei klo grip tak i genseren min og kastar meg vekk ifrå døra. Eg ser opp, og der står ikkje dama, men ei forvaksen flaggermus flyg over døra. Dama står ved sida av meg og prøver å gripe tak i genseren min, men eg hoppar vekk og prøver å finne ein utveg. Dama hoppar mot meg, men eg flyttar meg i siste liten, så ho trynar ned på golvet og ligg der urørleg. Eg nøler litt med å gå bort, men gjer det likevel. Ho ligg der urørleg, og flaggermusa legg seg opp på henne.

Har eg klart det? Har eg vunne? Eg er heilt stille og snur meg for å gå, men bråstoppar då eg merkar ein latter bak meg. Eg snur meg, men der er ingenting. Dama ligg framleis på golvet. Eg snur meg igjen, men då kjenner eg det. Ein andpusten pust i nakken og ei hand rundt halsen. No veit eg det. Eg har tapt.