Laurdag er Herøy-ungdommen klar for UKM:

– Håper folk blir inspirert

Laurdag brakar det laust på Fosnavåg konserthus i det ein flokk av kulturspirar inviterer til årets utgåve av UKM.

25 deltakarar: Her ser vi nesten alle deltakarane som skal lage show på laurdag. Dei 25 påmelde fordeler seg på 15 sceneinnslag, eit kunstinnslag og ein konferansier. 

Ung

I år er det i alt 25 ungdommar fordelt på 15 sceneinnslag, ein konferansier og eit kunstinnslag som deltek under den lokale mønstringa i Herøy. Blant dei finn vi i god blanding av drivne UKM-arar og folk som aldri før har delteke. Onsdag møtte Vestlandsnytt dei fleste av deltakarane på Fosnavåg Konserthus. Stemninga er roleg blant dei unge kulturspirane, men nokre naturleg nok litt nervøse. Ein av dei er Johannes Hovden Remøy. 12-åringen deltek i år for fyrste gong i UKM. Ikkje nok med det, han er også den einaste deltakaren som stiller med kunst. Han skal vise fram ei teikning som han har laga sjølv med sprittusj.

– Det er litt rart, med masse fargar. Eg teikna det i ei periode då eg var verkeleg lei av skule, og eg håpar at dei kjenslene smittar, fortel den unge teiknaren.

Han vedkjenner at han har nervar, utan at han heilt klarar å seie kvifor.

Ein ting Johannes stussar litt over, er kvifor der ikkje er fleire kunstinnslag påmelde. Det er noko han gjerne skulle ha sett.

– Det hadde vore bra. Det ville vere inspirerande. Eg håper folk blir inspirerte, forklarar Hovden Remøy.

Skal spele japansk pianolåt

Ein annan som debuterer i UKM-samanheng er 18 år gamle Frode Andre Johansen. Musikaren har spelt piano i fire år og tenkte at det no var på tide å prøve noko nytt.

– Eg har høyrt mykje positivt om UKM og et trur dette blir ei fin erfaring, seier Johansen.

Han skal spele ein japansk pianomelodi komponert av artisten DJ Okowari.

To debutantar og ein proff: For Frode Andre Johansen (t.v.) og Johannes Hovden Remøy (t.h.) blir UKM ei ny erfaring. Una Myren har derimot deltatt fleire år.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Una deltek i tre innslag

Ein av dei meir drivne UKM-arane som returnerer på UKM-scena er 15 år gamle Una Myren. Myren tok seg i fjor til Møre og Romsdal sin fylkesfestival og vart med det biten av UKM-basillen. Kanskje er det ein av grunnane til at ho i år deltek i heile tre forskjellige innslag?

– Det var veldig kjekt på fylkesfestivalen og eg vil heilt klart tilbake dit, seier Una til Vestlandsnytt.

På laurdag vil ho akkompagnere og kore for andre deltakarar, men også spele piano og synge åleine.

Alle gler seg

Sjølv om erfaringsnivået og aldersspennet er stort blant årets deltakargjeng er ein ting klart. Alle gler seg til laurdagens show på konserthuset.