Elise Nærø med elevar på Fosnavåg bedehus:

– Det beste er relasjonen

– Det viktigaste eg lærer elevane mine er at tankane våre spelar ei rolle, og at nervøsitet kan vere frykteleg ubehageleg men ikkje farleg, seier Elise Nærø.

Du treng ikkje løyve for å synge!

Elise Nærø
Ung

Det var kanskje litt nervøsitet å spore hos Elise Nærø sine songelevar på Fosnavåg bedehus førre torsdag. Men mest av alt såg vi glede. Glede over å kunne få synge framfor eit publikum beståande av berre smilande tilskodarar.

Kvart semester arrangerer Elise to konsertar med elevane sine. Det gjer noko med dei, merkar ho.

– Eg opplever at dei veks som personar, om eg kan seie det slik. Dei vert betre kjende med seg sjølve og går ofte frå å gru seg for å synge for andre til å synast at musikalske utfordringar er moro!

Over 20 på venteliste

Vestlandsnytt har ikkje høve til å bli så lenge på sommarkonserten til dei unge songarane, men det vesle vi høyrer er fint. Ein merkar at dei har øvd godt på tekstane. Nokre spelar piano med.

– Det er frivillig å opptre. Målet med konsertane er å skape trygge arenaer der elvane kan praktisere det dei øver på; sine heilt individuelle mål, seier Elise.

Det beste med å undervise i song er relasjonen ho får til elevane, synest ho.

– Dessutan elskar eg at ingen dagar er heilt like og den enorme tillita elevane syner meg, time etter time.

Nokre av songelevane har i tillegg valt undervisning i piano.

– Det er kjekt å kunne akkompagnere seg sjølv, seier songpedagogen, som har jobba på denne måten i ti år no.

Lang ventelist

Elise Nærø har i dag 23 elevar i alderen 8–50 år, og omtrent like mange på venteliste. Ventelista er delt inn i aldersgrupper for breidde og variasjon.

– Eg har aldri fått unna heile ventelista, seier ho.

Og den vart ikkje akkurat kortare etter at ho deltok i The Voice på TV2 i 2017.

– Dyrke musikkglede

Apropos The Voice og andre konkurranseprogram. Kva for innverknad har dei eigentleg på barn og unge?

– Dei siste 15 åra har vi sett haugevis med talentprogram på TV. Ein stiller seg opp og syng framfor ein jury og får ein dom på om ein er god nok eller ikkje. Kan hende gjer det at vi gløymer noko heilt essensielt: Du treng ikkje løyve for å synge! Hos meg er alle velkomne til å dyrke musikkglede, uansett alder, erfaring og ambisjonar. Det håper eg også kjem tydeleg fram på konsertane, avsluttar Elise Nærø.