Bergsøy-femteklassingar på «Oppdrag Havplast»

Femteklassingane ved Bergsøy skule, Borga er to av totalt 33 femteklassar i Møre og Romsdal som er med på den store miljødugnaden.
Ung

Frå 29. april er over 5000 femteklassingar over heile landet med på å rydde strender for plast og søppel. Femteklassingane på Borga er mellom dei påmelde.

Ryddeaksjonen vert arrangert for andre år på rad og er eit samarbeid mellom FINN.no og Miljøagentene.

– Målet med Oppdrag Havplast er å rydde norskekysten for mest mogleg plast og søppel, i tillegg til at barn vert meir bevisste på sine eigne miljøvanar, seier prosjektleiar Julie Vestgren Pettersen i Miljøagentene i ei pressemelding.

Plast i byte mot pengar

Kvar klasse har teke imot 20 spesiallaga ryddesekkar i posten. Desse skal bli fylte med plast og søppel som leverast til gjenvinning. Prosessen vert dokumentert og lasta opp som annonse på FINN.no. I retur får klassen 100 kroner per sekk, der klassen kan tene totalt 2000 kroner til klassekassa.

Det er også oppretta tre spesialprisar; havplastprisen for ekstraordinær innsats, beste FINN-annonse og beste kunst. Vinnarane av desse, som vert kåra 3. juni, får 10.000 kroner ekstra til klassen sin.

– I fjor fekk vi inn mange fine, morosame og originale bidrag, og difor ønskjer vi å gjenta suksessen med å tildele Havplastprisen til vinnarane i dei tre ulike kategoriane, heiter det i pressemeldinga.