Bergsøy fekk det enkelt på Hareid:

– Tydeleg kvalitetsforskjell

Det var slett ingen stor fotballkamp, men Bergsøy viste at kvaliteten i laget er såpass bra at dei sjølv på ein middels dag er fleire hakk betre enn Hareid.

2-0: Her har Nils-Erik Engen sendt avgårde frisparket, som til slutt enda med at Bendik Frøysa sette inn 2-0.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Det tok berre rundt ti minutt før Bergsøy fekk kveldens første scoring, ved Nils-Erik Engen. Eit kvarter seinare tok same mann frispark, og på returen var Bendik Frøysa som sikkert sette 2-0. Berre fire-fem minutt seinare var det klart for ny BIL-scoring, då Engen sette si andre for dagen. 3-0 til Bergsøy var også pauseresultatet på Hareid, etter ein omgang der herøyværingane hadde tilnærma full kontroll på tabelljumboen.