Show med Fjørtoft

Det var smil og glede  i Gursken i det Jan Åge Fjørtoft, i lag med lokale kyndige instruktørar, tok imot 50 komande fotballtalent på River Plate Stadion laurdag.

Lagbilde av både instruktørar og deltakarar på Fotballskulen: I tillegg til Jan Åge Fjørtoft, var Lukas Fjørtoft Sandanger, Peter Fjørtoft Sandanger, Isaac Fjørtoft Sandanger, Aadne Sandanger, Anders Vaagen, Steffen Moltu, Kåre Fjørtoft, Andreas Skoge og Magnus Myklebust instruktørar.  Foto: Steffen Helsem Kvalsund

Sport

Regnet heldt seg vekke og bidrog til hyggeleg stemning både på bana og langs sidelinjene. Hovudpersonen sjølv fekk ein fortent applaus frå tribunen for comebacket på heimebane.