Kvar sin omgang då Gjerdsvika/LGFK 2 vann slaget på Gurskøya

Mathias Meli Hjelle banka inn hat trick for Gjerdsvika/LGFK 2 som leia 4-0 ved pause. Men etter kvilen starta Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy opphentinga.

Kampens målscorarar: Tremålsscorar Mathias Meli Hjelle, Pål Olav Myrvågnes, Frants Leine Mork og Angel Gabriel Zarza Silva.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy (MTG) gjekk offensivt til verks dei første ti minutta på Tjørvåg stadion, og laget hadde også nokre halvsjansar i løpet av denne perioden. Deretter tok Gjerdsvika/LGFK 2 over kommandoen, og etter eitt par misbrukte sjansar, var det duka for 1-0 i det 13. minuttet. Unge Mathias Meli Hjelle var målscorar, og berre to-tre minutt seinare sette same mann inn 2-0 for sandssokningane.