Dommaren beklagar kort-tabbe i lokaloppgjeret:

LGFK-spelar fekk to gule kort – vart ikkje utvist

Dommaren spurde LGFK-trenaren om hjelp etter kortkluss i første omgang. Men utover det reagerer han på påstandar om manglande kontroll på kampen, der han også gav direkte raudt kort etter å ha kjent seg spytta mot.

Her får han det andre gule: Dommar Abbas Tamimi viser Jens Winsnes gult kort, berre seks minutt etter det første gule til Winsnes. Han vart likevel ikkje utvist frå det dommaren omtalar som ein vanskeleg kamp: - Vi prøvde å prate med spelarane i første omgang, men dei ville ikkje høyre, så då måtte vi ta i bruk dei gule korta. Det var mange tøffe taklingar, og mykje munnbruk i kampen.  Foto: Skjermdump frå direktesendinga

Sport

– Det var mange utfordringar i denne kampen, men eg er heilt ueinig med dei som seier at vi i dommarteamet mangla kontroll. Vi bomma på situasjonen med det som skulle vore eit raudt kort i første omgang, og det legg eg meg flat for.