– Bergsøy IL-Fotball har hatt eit nært og godt samarbeid med Fokus Regnskap AS sidan 2002. For oss er det viktig å støtte Bergsøy IL-Fotball sitt gode arbeid for trivsel og bulyst i kommuna vår, seier Stig Vestnes i Fokus Regnskap i ei pressemelding.
– Fokus Regnskap har som Stig nevner vore ein god samarbeidspartnar i fleire år, og det at dei blir med vidare på ein forbedra avtale i den spesielle tida vi no er inne i, er vi utruleg takknemleg for, seier Magnus Myklebust i Bergsøy IL Fotball.
Det å få med sponsorar på lengre avtaler, slik som Fokus Regnskap, er viktig for klubben for å blant anna få ein meir forutsigbar økonomi.
Bergsøy ser fram til eit godt samarbeid med Fokus Regnskap også for dei komande åra!