Komande helg er det klart for finalar i sesong to av Tussaligaen, der det i år blir konkurrert i dei to spela Fifa og Rocket League. I fjor var det «Hareidez» eller Emil Vartdal Hareide (25) som gjekk heilt til topps i Fifa-finalen.
Han vann første sesong av Tussaligaen:
– Eg spelar for moro skuld
Emil Vartdal Hareide vann Fifa-finalen under første sesong av Tussaligaen og konkurrerer for e-sportklubben Metizport, men i botn ligg ønsket om å ha det kjekt med spelinga.
Første vinnar: Emil Vartdal Hareide gjekk heilt til topps i Fifa-turneringa under den første sesongen av Tussaligaen. Etter sigeren vart han henta til e-sportklubben Metizport og no representerer han Tjørvåg/Metizport under KM i eFotball. Foto: Kevin Andre Bøe
Sport