Lite handball før årsskiftet

Det blir ikkje full fart for seniorhandballen før tidlegast i november.

ODD­VAR JOHAN RO­SETH: Mål­vak­ta til Bergs­øy for­len­ga ny­leg kont­rak­ten sin med klub­ben. Men det blir ei stund til Ro­seth får mar­ke­re seg i kamp­si­tu­a­sjo­nar igjen.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

I ei melding frå Norges handballforbund fredag kunne vi lese at forbundet har vedteke at 2. divisjon tidlegast kan starte opp laurdag 31. oktober. Dette er divisjonen som Bergsøy sine handballherrar spelar i.

For 3. divisjon, der Bergsøy-damene held til, er datoen 14. november. For 4. divisjon og lågare divisjonsnivå er den førebels planlagde oppstartsdatoen 28. november.

– Datoane for tidlegast mogleg oppstart er avhengig av gjenopning av trenings- og kampaktivitet for desse nivåa frå myndigheitene, og at det kan gjennomførast ein periode med ordinær trening i forkant av seriestart. Det presiserast at datoane er tidlegast oppstart, og at det kan kome ytterlegare utsettingar dersom regjeringa ikkje ser det forsvarleg med gjenopning av aktivitetane, heiter det i meldinga frå Norges handballforbund.

Opphavleg var seriestart i 2. divisjon sett opp laurdag 5. september, og berre i løpet av september og oktober skulle Bergsøy spele 10 kampar. No kan det spøke for gjennomføringa av ein full sesong.


Bergsøy forlengar keeper-kontrakter og hentar inn spelarar frå Ungarn

Bergsøy sitt herrelag i handball er godt i gang med førebuingane til 2020-sesongen. No har dei signert to spelarar frå Ungarn, samt forlenga kontrakta med sin keeper-duo.



Han leia Molde frå 2. div. til Eliteserien på to år. No skal Einar få Bergsøy opp og fram:

Han skal få Bergsøy opp og fram

Islandske Einar Jonsson har via heile sitt liv til handballen. I løpet av 16 år som hovudtrenar, har han opplevd ulike kulturar, sett unge handballspelarar utvikle seg til landslagsspelarar og ikkje minst vore med på ei rekke opprykk og gullmedaljar. No vil han bygge suksesskultur i Bergsøy.